He er vekerapport for den nye kommunen

Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune for veke 45. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd denne veka. 

Tilrår satsar for økonomisk sosialhjelp

Formannskapet for den nye kommunen går inn for å harmonisera satsane for økonomisk sosialhjelp. På møtet den 5. november gav formannskapet tilråding til satsar for 2020. Einslege utan barn får 6 150 kroner pr. måndag frå 2020, medan ektepar/sambuarar får 10 250 kroner pr. måndag dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga frå formannskapet.
Formannskapet vedtok elles at formannskapet skal vera styringsgruppe for prosessen med forhandlingar om byvekstavtale.
Les meir.


Tilrår å godkjenna språkbruksplan

Utval for tenester og levekår (UTL) for Nye Øygarden kommune rår kommunestyret til å godkjenna framlegget til språkbruksplan for Nye Øygarden slik han ligg føre. På møtet onsdag denne veka var det også møte i utval for samfunnsutvikling og utval for plan. I desse to utvala var det orienteringar.
Utvalet utsette fleire saker. Sakene om framlegg til nye vedteker for SFO (skulefritidsordninga) og kommunale barnehagar vart utsette. Det vart vedteke å oppretta ei arbeidsgruppe på fire personar som skal førebu sak og koma med framlegg til vedtekter for SFO og vedtekter for kommunale barnehagar innan utgangen av april. (Høgre).
Les meir.


Tankar om framtida denne veka

På onsdag vart tre nye videoar i serien Tankar om framtida presentert. Fram mot jul presenterer prosjektet Elev i Nye Øygarden tre videoar der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra Lena frå Foldnes, Martin frå Danielsen barneskule og Hedda frå Knappskog skule.
Les meir.


Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (45)

  • 04.11.:  Styreseminar Bergen Havn AS på Ågotnes
  • 05.11.:  Formannskapsmøte
  • 06.11.:  Politikk møter næring. Møte med Vest Næringsråd
  • 07.-08.11: Deltek på dagtid på Sjømat Norges årskonferanse

Ordføraren neste veke (46)

  • 11.11.: Sentralstyre møte i Høgre
  • 12.11.: Politisk arbeidsutval, Fjell kommune
  • 13.11.: Innlegg på leiarsamlinga Fjell kommune
    KS vest samling og fylkesmøte (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
    Årsmøte i Øygarden Høgre
  • 14.11.: KS vest samling og fylkesmøte
    Lunsj hos Robin Dale Oen
    Møte utbyggjar Knut Jørgen Hauge
    Kystbykarusellen
  • 15.11.: Årskonferanse Bergen Næringsråd
    Byvekstforhandlinger

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (45)

  • 04.11.:  Styreseminar Bergen Havn AS på Ågotnes
  • 05.11.:  Formannskapsmøte
  • 06.11.:  Politikk møter næring. Møte med Vest Næringsråd
    Møte med Pitstop
  • 07.-08.11: Deltek på dagtid på Sjømat Norges årskonferanse
  • 07.11.:  Interimstyremøte i Øygarden bustadutvikling
  • 09.11.:  Apell i samband med Krystallnatta-arrangement
  • 10.11.:  Reise til Hammerfest på styremøte i Norsk petroleumskommunar
  • 11.11.: Hammerfest, Styremøte, NPK

Varaordføraren neste veke (46)

  • 12.11.: Heimreise
  • 13. 11.: KS Vestland (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 14. 11.: KS-Vestland
    Styremte Fjell pensjonskasse
  • 15. 11.: Byvekstavtale. Møte i Bergen, heile dagen
  • 16. 11.: Rådsmøte
  • 17. 11.: Fellesmøte H, FrP, SL, V, og KrF,  Øygarden rådhus, Rong