God start på arbeidet i utvala for eigarskap og politisk organisering

To av utvala fellesnemnda har sett ned, hadde sine to første møte denne veka. På tysdag ønskte leiar i utval for politisk styringsstruktur, Marianne Sandahl Bjorøy, velkomen til sitt første møte, medan utval for eigarskapsmodellar, leia av Atle Dåvøy, var samla til sitt første møte torsdag føremiddag.

Frå møtet i utval for eigarskapsmodellar. Frå venstre Atle Justad, Helena Morland Hansen, Daniel-Victor Sandvik, Kari-Anne Landro, Jarle Kåre Oen (sekretær) og Atle Dåvøy.

Utval for eigarskapsmodellar skal mellom anna finna framtidsretta og tenlege organisasjonsmodellar om eigarskap og utarbeida framlegg til eigarskapsmodellar som skal vera økonomisk berekraftige. Leiar i utvalet, Atle Dåvøy, er glad for å koma i gang med arbeidet.

– Det er flotte og kompetente folk i utvalet, og vi hadde gode debattar. På det første møtet snakka vi om VAR-området (vatn, avlaup og renovasjon), eigedomsforvaltning og brann- og redning. Til neste møte vil vi fokusera på desse tre områda. Vi vil mellom anna nytta resursar frå Deloitte (revisjon og rådgjeving) for å få identifisert kva det vil innebera å gå frå eín selskapstype til ei anna selskapsform tids- og omfangsmessig, seier Atle Dåvøy. Under konstitueringa vart Kari-Anne Landro vald som nestleiar.

Politisk organisering

På tysdag var det møte i utval for politisk organisering. styringsstruktur. Dette utvalet skal gå gjennom den politiske styringsstrukturen i prosessen fram mot etablering av ny kommune. Dette utvalet skal også føreslå delegasjonsreglement for Nye Øygarden kommune.  I intensjonsavtalen står det at ein skal byggja på formannskapsprinsippet, gjennomgåande representasjon og fire hovudutval.

Børge Haugetun og Marianne Sandahl Bjorøy.

 

– Allereie på det første møtet diskuterte vi om det kan vera tenleg å redusera talet på hovudutval frå fire til to eller tre. Det kan nok vera ulike syn på dette, men til neste møte ønskjer vi at administrasjonen legg fram forslag til tema og arbeidsområde ved to og tre hovudutval. Eg opplevde det første møtet som ein god start på arbeidet, og det er godt å koma i gang, seier Marianne Sandahl Bjorøy. Børge Haugetun vart vald som nestleiar i utvalet.

Neste møte i utval for eigarskapsmodellar vert 29. november klokka 09.00, medan møtet i utval for politisk styringsstruktur vert same dag klokka 14.30. Begge møta vert i Skjenet 2, Straume.

Når møteboka frå utvala er klare, finn du dei her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Frå møtet i utval for politisk styringsstruktur. Frå venstre; Jørgen Kausland, Ingrid Marie Toft, Jogeir Sognnæs, Børge Haugetun, Marianne Sandahl Bjorøy, Willy Sørensen (sekretær), Ernst Einarsen og Kristin Brennhaug.

 

Atle Dåvøy