Gjennomfører anbodskonkurranse for val av pensjonsleverandør

På møtet i partssamansett utval (PSU) den 4. juni, ligg det føre orienteringssak om anbodsprosessen knytt til pensjonsleverandør. Etter at det er gjennomført ei intensjonskunngjering, har prosjektleiinga konkludert med at det skal gjennomførast anbodskonkurranse.

Arkivfoto. Frå møtet i PSU den 08.03.2019

Den 8. april vedtok fellesnemnda at det skulle gjennomførast ei intensjonskunngjering. Denne kunngjeringa skulle klargjera om det kan gjerast ei direkte anskaffing i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) eller og val av pensjonsleverandør må ut på anbod.

Etter intensjonskunngjering kom det fram at det er fleire aktørar som kan vera aktuelle som leverandør. Storebrand gjorde kjent at selskapet kan levera pensjonstenester og at det difor bør gjennomførast anbodskonkurranse. På bakgrunn av dette vert det gjennomført ein anbodskonkurranse.

Saka skal også behandlast i fellesnemnda den 17. juni. Når anbodet er gjennomført, vert det klart kven som skal overta etter Fjell kommunale pensjonskasse og eventuelt KLP. Avtale med ny leverandør vert etter planen gjeldande frå 1. januar 2020.

Lokalisering av tenestene

Det ligg også før ei drøftingssak om lokalisering av administrative og tenesteproduserande einingar i den nye kommunen. Prosjektrådmannen føreslår stegvis avklaring av lokaliseringa.

Det er lagt opp til at identifisering av einingar med tilsette som ikkje vert involverte av lokaliseringsendringar vert gjennomførte innan 13. september. I neste steg vert det arbeidd fram forslag til tenester som skal vera sikra i lokale servicesente. Ein skal også identifisera andre tenester som bør få ei brukarnær lokalisering. Det skal vidare gjevast innspel til tenester som kan sentraliserast til kommunesenteret eller kommunedelsentera. Frist for gjennomføring i steg to er 20. september. Denne prosessen er føreslått delegert til kommunalsjefane.

I steg tre, som gjeld område der det er formålstenleg og viktig å få klargjort lokale før 1. januar 2020, kan avgjerd om lokalisering gjerast fortløpande og tidlegare enn siste frist 30. oktober. I dette steget er det prosjektrådmannen som tek avgjerd.

Prosjektrådmannen legg til grunn at kommunale eigedomar på Straume, Skogsskiftet, Rong, og eventuelt andre stader skal takast i bruk og at overflødige eller leigde bygningsmassar, skal fasast ut.

PSU skal også behandla forslag til etiske retningslinjer.

Møtet vert halde på Skjenet 2 og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke