Gav tillitsvalde oppdatert informasjon

 I dag gav prosjektrådmann Rune Lid 19 hovudtillitsvalde status for arbeidet med å byggja den nye kommunen.
– Det handlar om å ha eit kaldt hovud og eit varmt hjarta, sa Lid då han orienterte om skuggebudsjettet Nye Øygarden kommune.

Frå møtet med dei tillitsvalde i dag

Skuggebudsjettet for den nye kommunen var eitt av mange tema prosjektrådmannen tok opp. Skuggebudsjettet er enkelt sagt ei samanstilling av budsjetta for dei tre kommunane.

– Legg vi saman dei tre budsjetta, ser vi at det er høg lånegjeld og lagt opp til svake økonomiske resultat (netto driftsresultat), sa Lid.

Han innleia møtet med å visa til korleis arbeidet i prosjektfasen er organisert. Under dei fem hovudprosjekta (Oppvekst, Helse og velferd, Kultur og samfunn, Økonomi og Organisasjon og digitalisering) er det sett i gang om lag 30 delprosjekt. Han understreka at det er eit mål at medlemene i delprosjekta skal ha kunnskap om «kvar skoen trykkjer».

Fram til 28. januar (konseptfasen) skal delprosjekta klarleggja no-situasjonen og koma med forslag til organisering, dimensjonering, framtidig satsingsområde og prioriteringsplan. Lid orienterte om ordninga med frigjering av ressursar, tilsetjing av kommunalsjefar, val av pensjonsleverandør og informasjonstiltak. Han understreka at det er eit sterkt ønske frå leiinga i prosjektorganisasjonen å sikra god medverknad frå representantane til dei tilsette.

I samtalen vart det understreka frå dei tillitsvalde at det er skilnad på informasjon og meverknad. Det er ønske om at prosjektleiinga konkretiserer korleis medverknad kan sikrast i delprosjekta. Det vart også minna om at det så langt ikkje er gjennomført ROS-analyse om prosjektarbeidet. Rune Lid stadfesta at arbeidet med dette tek til etter nyttår.

Hovudtillitsvald for Fagforbundet i Sund, Hildegunn Høyland, avslutta med å understreka kor viktige desse møta er og takka Rune Lid for den jobben han gjer.

– Eg vil gje ros for innsatsen din så langt og at du er oppteken av medverknad. Eg ønskjer deg og dine ein god jul, sa Høyland.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke