Gav status for arbeidet med den administrative organiseringa

På fredag i sist veke gav prosjektrådmann Rune Lid dei hovudtillitsvalde og hovudverneomboda i dei tre kommunane status for arbeidet med den administrative organiseringa. Det er eit stramt løp fram til behandlinga i fellesnemnda den 11. mars.

Arkivfoto

Lid opplyste at dei om lag 35 delprosjekta leverte hovudrapportane sine innan fristen 18. januar. Konseptfasten vart avslutta med at dei fem hovudprosjekta leverte rapportane sine i slutten av januar. Her er det mellom anna framlegg til organisering på nivå to.

– Eg takkar for det gode arbeidet som er gjort. Dette er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet, sa Rune Lid.

Fram til utgangen av februar skal hovudprosjekta utarbeida prosjektplan og konkretisera arbeidsoppgåver og aktivitetar. Dei siste to vekene i februar skal prosjektrådmannen og overordna styringsgruppe gjera greie for og drøfta forslaga til organisering. Når rapportane vert drøfta på dette nivået må det gjerast ei vurdering av  heilskapen på tvers av alle kommunalsjefområda

I perioden 28. februar til 4. mars (klokka 12.00) er det samanfatta dokumentet ute til høyring hjå arbeidstakarorganisasjonane. På grunnlag av dette skal prosjektrådmannen fremja si innstilling til fellesnemnda den 11. mars.

Her er presentasjonen til Rune Lid på møtet den 8. januar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke