Gav råd om pensjonsløysing

Forsikringsmeklarføretaket AON Norge har på oppdrag frå prosjektrådmann utarbeid ein rapport med framlegg til kva løysing for val av pensjonsleverandør som er best for den nye kommunen. I går hadde AON orienteringsmøte for tilsette i Øygarden, Sund og Fjell og gav si tilråding til pensjonsløysing. Valet står mellom eigen pensjonskasse eller forsikra løysing (i praksis KLP, Kommunal landspensjonskasse).

Frå møtet i Øygarden i går.

AON konkluderer med at slik saka står, heller analysen samla sett i retning av ei framleis løysing med eigen pensjonskasse. Dei økonomiske fordelane med ei kasseløysing framfor ei forsikra løysing står fram som moderate i eit fem til ti-års perspektiv.

– Ein beskjeden premiefordel kan fort etast opp av ein ulempe med høgare administrasjonskostnader, skriv forsikringsmeklarføretaket i samandraget i rapporten.

I går orienterte presenterte AON rapporten for tilsette i dei tre kommunane.

– Det er viktig å hugsa at produktet er identisk anten ein har eigen pensjonskasse eller forsikra løysing (KLP). Det handlar om kva leverandør som skal levera produktet, sa Ingrid Bratteberg til dei som hadde møtt fram på orienteringsmøtet på Øygarden rådhus. Vidar Pedersen i AON understreka at rettane til dei tilsette er den same anten ein har eigen kasse eller er medlem i KLP.

Argumentasjon

Dei viktigaste argumenta AON viser til følgjande ved val av eigen kasse er noko lågare premie, fysisk nærleik for arbeidsgjevar og medlem og HR-tiltak som gjev redusert sjukefråvær i tillegg til at uførleik gjev noko større direkte belønning. Det vert også vist til at eigen kasse bidreg til å oppretthalda ein viss konkurranse når det gjeld drift og finansiering av offentleg tenestepensjon og fleksibilitet når det gjeld å investera eigenkapitalen i kassen til samfunnsnyttige formål lokalt.

Ingrid Bratteberg

Dei viktigaste argumenta for å velja ei forsikra løysing (i praksis KLP) er at det ikkje er nødvendig å tilføra pensjonskassen ekstra kapital i storleik 35 millionar (per 31. desember 2017), lågare administrasjonskostnader og noko lågare operativ risiko og sårbarheit. Ein slik overgang vil likevel vera mindre reversibel då dette på relativt kort sikt vil føra til nedlegging av kassen, og at denne typen direkte samanlikning ikkje lenger kan gjerast.

Saka om pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune skal etter planen behandlast i partssamansett utval 11. desember og fellesnemnda 17. desember.

Her er presentasjonen frå AON v/ Vidar Pedersen og Ingrid Bratteberg.

Her kan du lesa heile rapporten (PDF).

Her er samandrag (PDF-nynorskversjon).

Tekst og foto: Vigleik Brekke