Gav innstilling på budsjettet

Formannskapet gav i dag tilråding på budsjettet for 2020 og økonomiplan for 2020-2023. Det vart røysta over fire forslag.

Frå møtet i formannskapet i dag.

Framlegget frå fleirtalspartia, Høgre, KrF, Sotralista , Venstre og Frp fekk seks røyster og er formelt tilrådinga til kommunestyret. Forslaget frå Ap, Sp, SV og Raudt fekk tre røyster, medan Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) fekk kvar si røyst. Alle forslaga følgjer saka til kommunestyret i morgon.

Her kan du lesa forslaga:

Gebyr og brukarbetaling

Med åtte røyster (Høgre, Frp, KrF og AP) slutta formannskapet seg til innstillinga frå rådmannen på budsjett  for gebyr og brukarbetaling for 2020. MDG røysta for ein reduksjon på 10 prosent, medan FNB, Sp og MDG (subsidiært)  røysta for ein reduksjon på gebyr og brukarbetaling på fire prosent.

Ny barnehage på Spildepollen

Formmanskapet tilrår overfor kommunestyret å godkjenna bygging av Spildepollen barnehage. Kostnadsramma er 41,8 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Dette er ein meirkostnad på 6,4 millionar kroner samanlikna med investeringsbudsjettet. Meirkostnaden vert dekt av ubrukte lånemidlar i prosjektet knytt til Spilepollen skule som vart offisielt opna i november. Barnehagen vil få fem avdelingar og vert dimensjonert for 90 barn. Oppdraget med bygging er tildelt Gravdal Bygg AS. Glesnes barnehage og Telavåg barnehage vert lagde ned når den nye barnehagen vert teken i bruk.

Einerett for drift av vatn og avlaupstenester

Formannskapet tilrår at FjellVAR AS (seinare ØyVAR AS) vert tildelt einerett for drift og vedlikehald av vatn og avlaupstenesta i kommunen frå 1. januar 2020. Saka vert avgjort i kommunestyret.

Einerett for innsamling av hushaldsavfall

Det vart tilrådd å tildela BIR Transport AS einerett for innhenting av hushaldsavfall fram til 1. oktober 2020. Vedtaket vart gjort for å sikra at avfallet vert handtert korrekt og uavbrote i perioden fram til oktober 2020. Saka går til kommunestyret.

Budsjettet og ei rekkje andre saker vert behandla i kommunestyret torsdag den 19. desember. Møtet tek til klokka 09.00. Møtet vert overført direkte på nett-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til kommunestyret.

Tekst og foto: Vigleik Brekke