Fylkesreforma: Optimistiske fylkesordførarar

Måndag kveld var rundt hundre personar samla på eitt av flaggskipa til fylkeskommunen, Amalie Skram videregående skole. Arbeidsutvalet til fellesnemnda for nye Vestland fylke hadde invitert til ope møte. Mellom anna var Regionrådet Vest med dei tre ordførarane i regionen vår på plass.

Børge Haugetun, Kari-Anne Landro og Marianne Sandahl Bjorøy smilte breitt saman med byrådsleiar i Bergen, Harald Schelderup i pausen.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun var optimistisk og takka for alle innspela i møtet då ho summerte opp møtet.

– Dette får me til. Det handlar om hardt arbeid kvar einaste dag, og det er vi villige til, sa Hestetun optimistisk. Ho trur  også at Rogaland og etter kvart Møre vert ein del av det store fylket på Vestlandet. Kollega, fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane, snakka i innlegget sitt om kva dei vil med nye Vestland fylke.

– Skap suksess der du er. Gjer mange det, vert det mange suksesshistorier. Eitt av dei viktaste omåråda for fylkeskommunen er utdanning. Vi treng kunnskap om kva utdanning det er behov for, sa Følling.

Kommunane i vest presenterte seg

Også Regionrådet Vest med dei tre ordførarane Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden) var på plass måndag kveld. Landro er leiar i Regionrådet Vest og hadde innlegg på vegner av regionrådet. Ho viste til at det gjerne kan oppstå utfordringar i spenninga mellom sentrale føringar og lokale behov. I intensjonsavtalen er det understreka at den nye kommunen skal ha levande bygder.

Kari-Anne Landro

– Lokale ønske kan virka som om dei kolliderer med nasjonale og regionale føringar. Det bør vera mogleg løysa dette, sa Landro som gjerne såg at det vart endå tettare band mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet. Kompetanse og utdanning er nøkkelen til dette. Ho meinte også at det kunne vera grunnlag for tenkja både fagskule- og høgskuletilbod i regionen.

Byrådsleiar Harald Schelderup minna forsamlinga om at Bergen utgjer 1,3 prosent av landarealet, men 45 prosent av innbyggjarane i nye Vestland fylke. I denne samanhengen representerte han også Bergensalliansen med 22 kommunar og 76 prosent av innbyggjarane i det nye fylket. Men har var tydeleg på at alle måtte stilla opp for Vestland fylke og at det nye fylket må verta ein god partner.

Prosjektleiar og tidlegare fylkesrådmann Rune Haugsdal orienterte om korleis den nye fylkeskommunen er bygd opp administrativt og politisk. Fylkestinget vert samansett av 65 representantar. I tillegg til fylkesutval vert det oppretta fire hovudutval; hovudutval for samferdsle og mobilitet, hovudutval for opplæring og kompetanse, hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon og  hovudutval for kultur, idrett og integrering. Den administrative toppleiinga er på plass. Det som no står for døra er innplassering av tilsette.

Innspel frå salen

Den siste timen var sett av til innspel og kommentarar frå salen kombinerte med eit panel samansett av medlemer av fellesnemnda for nye Vestland. Tema som vart tekne opp var kollektivtransport/samferdsle, høgskuletilbodet, klima og naturvern, rammer for idretten, friluftsliv, kultur, integrering og framtida for Vestlandsrådet.

Panelet. Frå venstre; Terje Søviknes, Silja Ekeland Bjørkly, Bjørn Hollevik, Pål Kårbø, Sigurd Reksnes, Anne Gine Hestetun og Jenny Følling.

 

Dette var det første i ein serie på fem møte. Det vert tilsvarande møte på Voss, Gulen, Førde og Leirvik (Stord).

Tekst og foto: Vigleik Brekke