Fylkesmannen vil ha «Nye Øygarden»

Fylkesmannen rår til at dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til ein ny kommune. Dette samsvarar med kommunestyrevedtak i dei tre kommunane den 20. juni.

Fylkesmann Lars Sponheim
Fylkesmann Lars Sponheim.

I si tilråding om kommunestrukturen viser Fylkesmannen til at den frivillige reformprosessen pr. 1. oktober har enda opp med at ti kommunar slår seg saman til fire. Dette er Nordhordland (Lindås, Meland og Radøy), «Nye Øygarden» (Sund, Fjell og Øygarden), «Bjørnefjorden kommune» (Os og Fusa) og «Nye Voss» (Voss og Granvin). Gjennom den frivillige runden er det etablert ein ny kommunestruktur der 123 890 innbyggjarar har gått inn i nye kommunar.

– Nye Øygarden» inneber at alle tre kommunane utanom Askøy dannar ny kommune i vest. Den nye kommunen innfrir alle mål og kriterium som er fastsette i arbeidet med kommunereforma og dannar ei god geografisk eining, skriv Fylkesmannen i si tilråding.

Framtidsretta struktur

Fylkesmannen meiner denne nye strukturen er framtidsretta. Kring Bergen er det no etablert nye store kommunar med knapt 100 tusen innbyggjarar i tillegg til Askøy kommune med knapt 30 tusen innbyggjarar.  Ifølge Fylkesmannen er det ikkje i den frivillige runden skapt utfordringar eller uheldige bindingar for reformarbeidet i ettertid.

Når det gjeld reformprosessen framover, seier Fylkesmannen at i neste runde bør kommunar slå seg saman slik at det totalt vert 10 kommunar i Hordaland. Tilrådinga frå Fylkesmennene går no til regjeringa som fremjar sak for Stortinget med vedtak i løpet av første halvår 2017. Dei nye kommunane vert etablert med verknad frå første januar 2020.

Les meir på nettsida til Fylkesmannen i Hordaland.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland