Forventar godt resultat for brukarane

Prosjektrådmann Rune Lid har stor tru på at arbeidet i dei fem hovudprosjekta og dei mange delprosjekta vil gje gode resultat. På måndag hadde han hadde samla nærare 60 deltakarar på arbeidsverkstad på Panorama Hotell & Resort. 

Sverre Roos Mangrud snakka om relasjonell kapasitet.

Innan 18. januar skal delprosjekgruppene levera inn prosjektrapporten sin, og etter behandling i hovudprosjekta vert «det heile» overlevert til prosjektrådmannen innan 28. januar.

– No kjenner eg ikkje til innhaldet i det delprosjekta arbeider med. Eg er spent på resultatet, og eg forventar at mandata er svarte på og at resultata for brukarane er gode når eg får overlevert rapportane, sa Lid då han innleia på arbeidsverkstaden.

I innleiinga sa Lid at det er behov for leiarar som vågar å stå i eventuelle «gråsoner» mellom dei ulike nivåa og som har vilje til å ta ansvar med dei på «andre sida av gjerdet».

– Det handlar om å ta felles ansvar, sa prosjektleiaren.  Les presentasjonen til Sverre Roos Mangrud her.

I februar skal prosjektrådmannen gå gjennom alle rapportane som er komne inn, og sjølve samanslåingsprosessen startar opp i mars. Etter planen skal det gjerast vedtak om «nivå to» i organisasjonen innan 11. mars (orientering og ev. prinsippvedtak i fellesnemnda) og leiarstillingar på nivå to innan 30. april. Plassering i stillingar i den nye kommunen skal etter planen vera gjennomført seinast 21. juni. Avgjerdene om lokalisering av tenestene/avdelingar skal skje innan 21. oktober. Alle tilsette skal få informasjonsskriv om rettane og pliktene deira i prosessen.

Rune Lid opplyste at søkjarlista til stillinga som kommunalsjef for økonomi er venteleg klar i løpet av denne veka. Kommunalsjef for organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse, startar arbeidet i Nye Øygarden kommune den 7. mars.

Konsulent i KS (interesseorganisasjon for kommunane), Åsbjørn Vetti, bidrog med å leggja til rette arbeidsverkstaden og utfordra  deltakarane til å koma med innspel på kva som måtte til på arbeidsverkstaden for at ein skulle få eit best mogleg grunnlag for å levera.

Fleire av deltakarane var opptekne av organiseringa av den nye kommunen når det gjeld nivå to. Andre tema som prosjektleiar Rune Lid kommenterte frå deltakarane, var medverknad i prosessen og brukaren som måtte vera i sentrum for arbeidet med å byggja den nye kommunen.

Prosjektleiar Rune Lid i samtale med delprosjektleiarane,  Åsbjørn Vetti (KS) og Anne-Merete Vabø Haugane (påtroppande kommunalsjef for Oppvekst).

Relasjonell kapasitet

Sverre Roos Mangrud frå IML (Institutt for medskapande leiing) snakka om relasjonell kapasitet.

– Auka forandringsfart gjer planlegging vanskeleg og skapar frustrasjon. Korleis møter vi desse utfordringane? Vi må gå vekk frå å tenkja boksar til å tenkja samarbeidsrelasjonar. Organisasjonskart er berre eit mentalt bilete, ingen har sett ein organisasjon. Vi må ta ansvar for gråsonene. Eg siterer gjerne ei mor frå Bergen; – Dersom alle gjer jobben sin, vert ingenting gjort! Oppgåvene må stå i fokus og me må spørja oss kven me må samarbeida med for å få løyst oppgåvene, sa Roos Mangrud.

Etter lunsj var det samtale i grupper der det handla om kva som må til for å styrkja relasjonell kapasitet (samarbeid på tvers). Det handlar om å identifisera involverte aktørar, vurdera relasjonen mellom dei ulike aktørane og tiltak for å styrkja desse. Tiltak er kjennskap, informasjon, samarbeid, problemløysing, innovasjon og respekt.

Involvering var eit sentralt tema på arbeidsverkstaden. Men Roos Mangrud minna om at det er enklare sagt enn gjort.

– Involvering er eit enkelt omgrep, men vanskeleg å få til, sa han.

Gruppesamtale

Drøfta to-nivåmodell

Mot slutten av dagen utfordra Åsbjørn Vetti forsamlinga på organiseringa av den nye kommunen bygd på to-nivåmodellen. Eksempelvis kan ein kommunalsjef  få svært mange einingsleiarar under seg med ein slik modell. Ei mogleg løysing på ei slik utfordring er å ha fagsjefar på nivået mellom kommunalsjef og einingsleiarar.

Prosjektleiar Rune Lid summerte opp med å seia at det hadde vore eit stort engasjement i samtalane rundt borda.

– Eg synest denne dagen har vore svært gjevande. Eg trur og håpar vi har klart å nå måla med dagen om å få inspirasjon i innspurten av det arbeidet vi no held på med. Mellom anna er det viktig å ta med oss brukarperspektivet og samhandling. Dette vert krevjande, men vi får det til, sa Rune Lid. Les presentasjonen til Rune Lid her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke