Første workshop med tenestedesignarar i StimuLab-prosjektet

Tysdag 8. januar 2019 var om lag 20 deltakar frå Sund, Fjell og Øygarden samla til første workshop i StimuLab-prosjektet. Rådmenn, ordførarar og tenesteleiarar frå dei tre kommunane jobba seg fram til felles ambisjonar for prosjektet saman med prosjektgruppa.

Deltakarane jobba også med å identifisera suksesskriterier og risikofaktorar i løpet av workshopen, som vart leia av to tenestedesignarar. Tenestedesignarane skal jobba med StimuLab-prosjektet gjennom heile 2019, og det vil bli arrangert fleire workshopar i løpet av våren.

StimuLab-prosjektet skal jobba med korleis ein skal samordna tenester for utsette barn og unge og deira pårørande i Nye Øygarden kommune. StimuLab er ei stimuleringsordning for innovasjon i offentleg sektor, og prosjektet som no vert sett i gang i Sund, Fjell og Øygarden har fått midlar på 1,2 millionar kroner til innkjøp av kompetanse på tenestedesign. Ordninga er administrert av Difi og DOGA, og er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Tenestedesign er eit verktøy for innovasjon, der ein set brukaren i sentrum og ser på tenestetilbodet med utgangspunkt i brukaren sitt perspektiv. I løpet av prosjektperioden som går ut 2019 skal ein testa ut ulike løysingar for korleis ein kan samordna tenestene til utsette barn og unge og deira pårørande på best mogleg måte i Nye Øygarden kommune.

Tekst og foto: Kristina Espeseth, prosjektleiar StimuLab-prosjektet