Formannskapet og utvala behandlar budsjettet for 2020

På møtet den 2. desember skal formannskapet for den nye kommunen behandla budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020-2023. Tre utval behandlar budsjettet 4. og 5. desember.

Det er forventa at formannskapet vil vedta å leggja budsjettet ut på høyring. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 19. desember. I mellomtida skal administrasjonsutvalet og dei tre utvala; tenester og levekår, samfunnsutvikling og plan behandla budsjettframlegget.

Andre saker i formannskapet den 2. desember

  • Eigedomsskattetakstvedtekter for Øygarden kommune
  • Framlegg til forskrifter for vatn og avløp
  • Budsjett 2020 Gebyr og brukarbetaling

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til formannskapet.

Saksdokument til utval for tenester og levekår.

Saksdokument til utval for samfunnsutvikling.

Saksdokument til utval for plan.