Torsdag og fredag denne veka var 13 politikarar og eit rådmannssekretariat på tre personar samla på Panorama konferansehotell i Sund til det første forhandlingsmøtet om ny kommunestruktur.

Kommunane Sund, Øygarden og Fjell har som mål å utarbeida framlegg til ein intensjonsavtale før påske. Det første forhandlingsmøtet har gått over to dagar. Vidare er det sett opp eit tett program med møte eín dag i veka framover til 3. mars.
Det var ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, som ønskte velkomen og leia møtet på torsdag. Frå og med fredag har dei tre forhandlingsutvala leigd inn Trond Wincentsen frå konsulentselskapet Sonat til å vera prosessleiar i forhandlingane.

Etter at dei tre forhandlingsutvala (felles forhandlingsutval (FFU)) venteleg har samla seg om eit utkast til intensjonsavtale før påske, er det lagt opp til folkemøte i april/mai før kommunestyra i dei tre kommunane tek endeleg stilling til utkastet i juni.

God stemning
Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, er godt nøgd med den første samlinga for felles forhandlingsutval.
– Vi fann fort den gode stemninga, og dette var svært fine dagar. Eg opplevde at alle klarte å ha den rette hatten på og at vi no har rolla som forhandlingsutval. No handlar det om å utarbeida eit utkast til ein intensjonsavtale, seier Sund-ordføraren.
– Kva tenkjer du om prosessen framover?
– Eg trur vi skal klara dette innanfor fristen som er sett opp, seier Kari-Anne Landro.
Samla seg raskt om nokre konklusjonar
På slutten av den første forhandlingsdagen samla felles forhandlingslutval seg relativt raskt
om nokre konklusjonar når det gjeld kommunesenter og felles identitet.
Det er semje om at kommunesenteret skal lokaliserast på Straume, medan Rong og Skogsskiftet/Skogsvåg vert kommunedelsenter. Den nye kommunen skal byggja på felles kultur og identitet, og administrasjonsmålet skal vera nynorsk.

Felles informasjon
Felles forhandlingsutval er samde om at informasjon frå forhandlingane skal vera felles og leggjast ut på nettsida til dei tre kommunane. Rådmannssekretariatet legg fram utkast til kommunikasjonsplan på møtet i neste veke.
Møta i felles forhandlingsutval er opne. Det vert sendt informasjon til styringsgruppene i kommunane og at dei tillitsvalde har høve til å vera til stades på forhandlingsmøta.
Det er semje om at forhandlingsmøta skal følgja spelereglar som formelle møtereglar, respekt for kvarandre og at det er tre likeverdige partar som forhandlar.
Engasjert første drøfting av namn på kommunen
På slutten av den første dagen vart det tid til ei engasjert drøfting av kommunenamn. Det vart lansert fleire moglege namn på ein eventuelt ny kommune samansett av noverande Sund, Fjell og Øygarden. Nokre av deltakarane i forhandlingsutvalet nemnde Øygarden som aktuelt namn. Andre namn som vart nemnt var Sotra, Sartor, Skjergard, Sund, Øyane, Strilen og Vest. Nokre meinte at ein burde bruka ein førebels nøytral arbeidstittel på dokumentet inntil vidare. Det vart ikkje konkludert når det gjeld namn på den nye kommunen.

Hovudpunkt i avtalen
Felles forhandlingsutval drøfta kva hovudpunkt/tema som skal vera med i utkastet til intensjonsavtale. På grunnlag av andre intensjonsavtalar, til dømes intensjonsavtalen mellom
kommunane Lindås, Meland og Radøy, samla felles forhandlingsutval førebels seg om følgjande hovudkapittel:
- Innleiing
- Bakgrunn og formålet med avtalen
- Visjon
- Verdiar, mål og prinsipp
- Kvifor ny kommune: fordelar og ulemper/ sjå til rapporten frå
- Telemarksforsking
- Den nye kommunen – namn, organisering og styring
- Demokratimodellen
- Prinsipp for tenestetilbod- Nav, Kyrkja, m.v.
- Kompetanse
- Samfunnsutvikling -Framtidige investeringsprosjekt
- Økonomi – harmonisering av skatter og avgifter
- Kommunen som arbeidsgjevar – administrative prosessar
- Kommunikasjonsplan/informasjon til innbyggjarane – nytta digital plattform
- Vegen vidare/samanslåingsprosessen
- Særskilde tema
Innleiing, bakgrunn og formål
I innleiinga til intensjonsavtalen skal det visast til stortingsvedtak som bakgrunn for oppdraget. Under dette kapittelet skal ein visa til grunngjevinga for at styresmaktene sentralt ønskjer større kommunar og at oppgåvene og rammevilkåra er endra.
Andre moment er behovet for sterke fagmiljø, behov for rekruttering, kvalitet og kompetanse. Regionen vår har felles bu- og arbeidsmarknad og ligg nær storbyen Bergen. Under dette hovudtemaet må det visast til behovet for ein sterk region som har fortrinn på område som marin næring og kystkultur.
Gruppearbeid
På den andre dagen var det sett av tid gruppearbeid der deltakarane skulle drøfta visjon og hovudmål for ei ny kommune og kva som er dei viktigaste fordelane og ulempene med kommunesamanslåing. Resultatet av gruppearbeidet vert teke med i arbeidet med utforminga av utkastet til intensjonsavtalen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke