Føreslår oppstart av arbeid med kommuneplan i 2020

Prosjektrådmannen for Nye Øygarden føreslår at arbeidet med ein ny kommuneplan for Nye Øygarden vert starta opp i 2020. Saka står på sakskartet til fellesnemnda den 15. oktober.

På møtet i fellesnemnda den 10. september reiste Ernst Einarsen spørsmålet om prosjektorganisasjonen allereie no bør setja i gang arbeidet med samfunnsplan for Nye Øygarden kommune.

I saksutgreiinga viser prosjektrådmannen til at  kommunale  og regionale arealplanar som er utarbeidde etter plan- og bygningslova vil gjelda etter kommunesamanslåing inntil  nye lovlege endringsvedtak er fatta av den nye kommunen. I løpet av eitt år etter at det nye kommunestyret er konstituert, skal det utarbeidast utkast til planstrategi og fattast vedtak i det nye kommunestyret. Prosjektrådmannen meiner det er naturleg at planprogrammet til ein ny kommuneplan kan integrerast i planstrategisaka.

På bakgrunn av dette vert det føreslått å starta opp med ny kommuneplan for Nye Øygarden kommune, både arealdel med føresegner og samfunnsplan, tidleg i 2020.

Styringsdokument

Fellesnemnda skal også ta stilling til framlegg til styringsdokument for administrativ prosjektorganisering . Dette dokumentet byggjer på intensjonsavtalen der visjon og målsetjingar for den nye kommunen er definerte. Styringsdokumentet viser korleis prosjektet er organisert og dimensjonert og utgjer kontrakten mellom fellesnemnda og prosjektrådmannen. Dokumentet gjer mellom anna greie for delegeringa til prosjektrådmannen. Saker av politisk og prinsipiell karakter skal alltid leggjast fram for fellesnemnda til avgjerd.

Oppfølging av inndelingslova

Fellesnemnda har ikkje teke stilling til korleis eventuell råd og utval i dei eksisterande kommunane skal involverast i arbeidet med den nye kommunen. Nokre råd har teke initiativ til samarbeid mellom råda/utvala i dei eksisterande kommunane for å drøfta tema knytt til Nye Øygarden kommune. Prosjektrådmannen meiner at både administrativt og politisk må politisk deltaking styrast av fellesnemnda ved oppretting av politiske prosjekt eller referansegrupper. Dette vil sikra heilskapleg styring av prosjektet. Han meiner at i prosjekt som er samansette av både politiske og administrative representantar, bør dei politiske representantane koma frå fellesnemnda,.

Det ligg føre likelydane innstillingar frå kontrollutvala i Sund, Fjell og Øygarden om revisjonsteneste og sekretariatsfunksjon for den nye kommunen. Dette må fellesnemnda ta stilling til. Prosjektrådmannen legg fram saka utan innstilling, men har vist til moglege ulike alternative vedtak.

Ordførarkjede

Prosjektrådmannen ber fellesnemnda å vurdera om det skal utarbeidast ei ny ordførarkjede for den nye kommunen. Det er avgjort at kommunevåpenet til Sund skal nyttast i den nye kommunen. Ordførarkjeda til Sund har symbol frå Sund kommune lokalt og er ikkje dekkjande for den nye kommunen. Prosjektrådmannen meiner at ei ny ordførarkjede må ta utgangspunkt i kommunevåpenet for den nye kommunen, men også ha symbol som er dekkjande for heile den nye kommunen.

Prosjektrådmannen har to alternative forslag til vedtak. Det eine er å oppretta eit utval som får oppdrag med å utarbeida forslag til ordførarkjede for Nye Øygarden kommune. Det andre alternativet er å gje utval for politisk styringsstruktur som tilleggsoppgåve å utarbeida forslag til ordførarkjede for Nye Øygarden kommune.

Møtet vert halda på i lokala til prosjektorganisasjonen i Skjenet 2 og tek til klokka 09.00. Du kan følgja møtet på nett-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke