Føreslår modell med formannskap og to hovudutval

Med seks mot eí røyst går utval for politisk styringsstruktur inn for å leggja ein modell med formannskap og to hovudutval til grunn for det vidare arbeidet med ny kommune. Mindretalet går inn for ei løysing med tre hovudutval.

Utval for politisk styringsstruktur.

Utvalet var samla til møte onsdag denne veka. Til møtet låg det føre alternative modellar for politisk organisering av Nye Øygarden kommune; ein modell med to hovudutval og eín modell med tre hovudutval.

I samtalen vart det mellom anna drøfting av på kva måte ein er bunden av intensjonsavtalen; prinsipp eller detaljnivå, tal på medlemer i formannskap og hovudutval og arbeidsmåtar med bruk av underutval, arbeidsgrupper, saksordførar m.v.

I tillegg til formannskap og hovudutval kjem utval som til dømes kontrollutval, administrasjonsutval, lovfesta utval som eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Til neste møte skal sekretæren presentera eit oversyn over kva råd og utval som er i dei tre kommunane.

Her kan du lesa protokoll frå møtet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke