Føreslår leiarverv av fellesnemnda på omgang

Ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden føreslår at dei tre ordførarane deler på leiarvervet for fellesnemnda fram til kommunevalet i september 2019.

Dei tre ordførarane leiar fellesnemnda på omgang dersom fellesnemnda sluttar seg til forslaget.

På møtet i fellesnemnda den 2. oktober vart Sund-ordførar Kari-Anne Landro vald som leiar. Framfor møtet i fellesnemnda den 30. oktober vert det føreslått at dei tre ordførarane tek leiarvervet for Nye Øygarden på omgang fram til september 2019. Dersom fellesnemnda sluttar seg til framlegget, vert Kari-Anne Landro leiar i perioden oktober 2017-mai 2018, ordførar Børge Haugetun perioden juni 2018-januar 2019, medan Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy leiar fellesnemnda i perioden januar 2019 til september 2019.

I saksutgreiinga vert det vist til at tillit mellom aktørane er avgjerande i arbeidet som skal gjerast. Ei formålstenleg organisering av arbeidet legg til grunn at roller og vedtaksprosessar er klåre og tydelege for å leggja til rette for å etablera Nye Øygarden kommune som ein framtidsretta og kunnskapsbasert organisasjon.

Dei tre ordførarane utgjer ei leiargruppe som samarbeider tett og sørgjer for at prosjektorganisasjonen løyser sine oppgåver for fellesnemnda på ein måte som sikrar god dokumentasjon i arbeidet.

– Ei organisering med rullering av leiarvervet vil styrkja målet i intensjonsavtalen om at kommunane er likeverdige partar, heiter det i saksutgreiinga.

Andre saker i fellesnemnda den 30. oktober

  • Oppretting og val av medlemer til ei valnemnd for fellesnemnda
  • Val av varamedlemer og nyval til arbeidsutval – Politisk styringsstruktur og
    eigarskapsmodellar
  • Mandat – Politisk utval for eigarskap
  • Mandat – Politisk utval for politisk styringsstruktur
  • Milepelsplan for prosjekt Nye Øygarden kommune – oppdatering pr.medio
    oktober 2017
  • Invitasjon frå KS til å delta i finansieringsordning for etablering av digitaleløysingar – Oppfølging frå møtet 02.10.27
  • Kommunikasjonsplan, fase 3 – oktober 2017-desember 2019
  • Eigedomsskatt i samband med kommunesamanslåing – Søknad om utsett frist

Møtet tek til klokka 09.00 og vert halde på Skjenet 2 (Vestnytt-bygget) der prosjektorganisasjonen for Nye Øygarden kommune held til.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland