Føreslår FjellVAR (ØyVAR) som leverandør av renovasjonstenester

Prosjektrådmannen for Nye Øygarden kommune føreslår at fellesnemnda vel FjellVAR AS (og rettsetterfølgjaren ØyVAR) som renovasjonsleverandør frå 2020. Fellesnemnda tek stilling i saka den 17. juni.

Ill.foto.

Sund kommune har BIR AS som renovasjonsleverandør. Fellesnemnda har tidlegare vedteke at det skulle gjennomførast avklaringsrundar med BIR AS før fellesnemnda tek endeleg avgjerd om renovasjonsleverandør for Nye Øygarden kommune. Dersom FjellVAR/ØyVAR skal ha renovasjonsoppdraget, bør konkurranseutsetjing av kontraktane til FjellVAR starta seinast hausten 2019.

Dersom BIR skal ha renovasjonsoppdraget, meiner forhandlingsutvalet at Nye Øygarden kommune bør ha eigardel basert på folketal og garantert styrerepresentasjon. I vurderinga skriv prosjektrådmannen at både FjellVAR og BIR har gode alternativ i dag. Tenestetilbodet ser ut til å vera nokså likt. Etter ei heilskapleg vurdering, innstiller prosjektrådmannen på at fellesnemnda vel FjellVAR (og rettsetterfølgjaren ØyVAR) som leverandør av renovasjonstenestene frå 2020.

Andre saker i fellesnemnda den 17. juni

  • Etiske retningslinjer for nye Øygarden kommune frå 01.01.2020
  • Drøftingssak: Lokalisering av administrative og tenesteproduserande einingar i Nye Øygarden kommune – rammer, prinsipp og prosess
  • Anbodsprosess på forsikra løysing for pensjon i Nye Øygarden kommune
  • Val av renovasjonsløysing – Nye Øygarden kommune
  • Øygarden brann- og redning KF – Godkjenning av vedtekter, hovudplan, avtale med kommunen og vidare prosess
  • Øygarden Bustadutvikling KF – vedtekter og oppretting av interimstyre
  • Nye reglar (høyring) eigedomsskatt for kommunar som slår seg saman – konsekvensar for Nye Øygarden kommune
  • Ny søknad om støtte til Øygardskonferansen
  • Uttale til rapporten – Utgreiing båtforbindelse mellom Nye Øygarden kommune og Bergen kommune
  • Oppfølging av sluttrapport frå utval for eigarskapsmodellar – medlemskap i nettverket «Sunne kommunar» frå 01.01.2020
  • Økonomisk status prosjektrekneskap pr. 06.06.2019 – fullmakt til eventuell forskottering av reformstøtte
  • Økonomisk status 2019 og budsjett 2020 Nye Øygarden kommune

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert direktesendt på nett-TV.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen