Føreslår fast tilskot til Gründerparken Vest

Prosjektrådmannen føreslår at det vert gjeve eit fast årleg tilskot til Gründerparken Vest på 500 tusen kroner.

Arkivfoto. Biletet er frå opninga av grunderparken i mars 2017.

Saka skal til behandling i fellesnemnda den 16. september. I tilrådinga heiter det at beløpet vert innarbeidd i dei årlege budsjettet frå og med budsjettåret 2020. Det vert vidare føreslått at den framtidige driftsmodellen for gründerparken vert justert opp mot storleiken på det kommunale tilskotet og at kostnadene vert balansert i samsvar med dei forventa inntektene.

Dei tre kommunestyra løyvde i 2018 kvar 500 tusen kroner til vidareføring av Gründerparken Vest frå 2019 (totalt 1,5 millionar kroner). Prosjektrådmannen skriv i saksutgreiinga at han har forståing for at gründerparken har behov for føreseielege inntekter, men kan ikkje tilrå faste årlege tilskot frå 2020 av ein slik storleik.

Tilrår å løyva 1,5 millionar kroner til opningsarrangement

Ein programkomité leia av leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, har planlagt fleire arrangement i opningsveka for den nye kommunen. Prosjektrådmannen rår til å løyva 1,5 millionar kroner for å dekkja kostnadene med arrangementa.

I saksutgreiinga går det fram at det er planar om nyttårskonsert med brassband og ev. musikkorps onsdag 1. januar, personalsamlingar 2. og 3. januar, ein stor opningsfest laurdag den 4. januar og felles gudsteneste sundag 5. januar. Det er lagt opp til å oppretta ei prosjektgruppe leia av kulturleiar for Nye Øygarden kommune, Christel Møvik-Olsen.

Økonomisk status

Til møtet i fellesnemnda ligg det føre økonomisk status pr. 31. juli. Dette viser eit negativt driftsresultat på 26,2 millionar kroner. Det auka avviket skuldast meirutgifter knytt til løn og kjøp av varer og tenester. Fjell kommune har intensivert innsparingstiltaka sine sidan mai, og effekten av desse er venta utover hausten.

Andre saker i fellesnemnda den 16. september

  • Krav frå Rettferdig Offentlig Saksbehandling (ROS) om innsyn i leiargruppa til fellesnemnda
  • Revidert anbodsprosess for forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune
  • Økonomisk status prosjektrekneskap pr. 03.09.19 og status forskotering reformstøtte
  • Budsjettprosess 2020
  • Val av tilbydar for sekretariatstenester til kontrollutvalet i Nye Øygarden kommune

Før behandlinga av sakene, vert det informasjon om Gründerparken Vest, The Dale Oen Experience, organisering av oppvekst og statusmelding frå prosjektrådmann Rune Lid.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og vert overført på nett-TV.

Tekst og foto: Vigleik Brekke