Føreslår at 64 adressenamn i dei tre kommunane vert endra

Arbeidsgruppa som samordnar adressenamna. Frå venstre; Åge Opheim, Marie Danielsen, Anne Grethe Sangolt Hagenes.

Prosjektrådmannen føreslår at 64 adressenamn i Sund, Fjell og Øygarden vert endra. Grunnen til dette er at samanslåing av kommunar normalt fører til at det må gjennomførst endringar eller tilpassingar i nokre adressenamn. Saka skal til behandling i fellesnemnda den 18. juni.

Den viktigaste grunngjevinga på kvifor endring av adressenamn er naudetatane sine behov for å ha presise og eintydige adresser. Ei arbeidsgruppe har vurdert 133 adressenamn i dei tre kommunane og enda opp med å føreslå at 64 av desse vert endra. Det er føreslått å endra 20 namn i Sund, 21 i Fjell og 23 namn i Øygarden. Totalt er det 1 020 adressenamn i dei tre kommunane. Dermed er det litt i overkant av seks prosent av namna som i denne saka vert føreslått endra.

Døme på adressenamn som er heilt like eller nesten heilt like er dei tre adressenamna Gjerdet (Misje i Fjell), Gjerde (Øvretveit i Sund) og Gjerdet (Nordre Sæle i Øygarden. I dette tilfelle føreslår prosjektrådmannen å endra Gjerde i Sund og Gjerdet i Øygarden. Valet er gjort på grunnlag at kriterium ved prioritering mellom like eller delvis like adressenamn.

Her kan du lesa kva adressenamn som vert føreslått endra (PDF).

Fellesnemnda har tidlegare vedteke ein del kriterium når ein skal prioritera mellom like eller delvis like adressenamn. Mellom anna skal ein prioritera vegar/adresseparsellar med mange adresseeiningar slik at færrast mogleg må endra adresse. Vidare skal ein prioritera adressenamn med tilknyting til gamle gardsnamn og/eller stadnamn og veletablerte namn som mange har sterk/lang tilknyting til.

Når fellesnemnda har vedteke kva namn som skal endrast, startar prosessen med å tildela nye adressenamn på vegane som må endra namn.

– I neste fase ønskjer kommunen innspel/forslag frå aktuelle lag, organisasjonar og grunneigarar i adresseringsområdet, til nye adressenamn. Det er til sist fellesnemnda som vedtek dei nye adressenamna, seier leiar av arbeidsgruppa Anne Grethe Sangolt Hagenes.

Med seg i gruppa har ho hatt Jannicke Algerøy frå Øygarden (vara Marie Danielsen) og Janne Byrkjeland og Åge Opheim frå Fjell. Den politiske referansegruppa er samansett av Kari-Anne Landro, Børge Haugetun, Marianne Sandahl Bjorøy og Olav Kobbeltveit.

Tekst og foto: Vigleik Brekke