Føreslår å venta med å starta arbeidet med samfunnsplan

Prosjektrådmannen meiner at rapportane frå dei fem prosjektgruppene ut på nyåret kan gje viktige premissar til grunnlaget for arbeidet med ein samfunnsplan.

Det går fram av innstillinga han gjev i saka som handlar om eventuell start av arbeidet med samfunnsplanen. Fellesnemnda vedtok i oktober å be prosjektrådmannen å leggja fram ei sak som avklarar om det er mogleg å starta opp arbeidet med grunnlag for samfunnsdelen av kommuneplanen. Saka vert behandla i fellesnemnda den 19. november.

I utgreiinga skriv prosjektrådmannen at det er sett i gang eit større arbeidet med fem hovudprosjekt. Dessutan vert det mange delprosjekt innan kvart hovudprosjekt. Dette bind opp mange fagpersonar og andre personalressursar i alle dei tre kommunane for ein lang periode. Store delar av 2019 vil gå med til å losa desse prosjekta i hamn. Prosjektrådmannen meiner at rapportane som følgje av dette arbeidet vil kunna gje mange gode avklaringar og svar på viktige spørsmål. Dei kan også gje viktige føringar og bidrag inn til arbeidet med å førebu eit planprogram til samfunnsdelen.

Høyring om indre organisering av Vest politidistrikt

Vest politidistrikt har invitert kommunane til å gje uttale til framlegget til indre organisering av politidistriktet med verknad frå januar 2020. For driftseininga Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden vil ikkje framlegget til organisering få andre konsekvensar enn ei eventuell namneendring. Difor tilrår prosjektrådmannen at fellesnemnda seier seg samd med Vest politidistrikt i vurderingane som er gjort for driftseininga Bergen, Sotra, Askøy og Bergen.

Andre saker i fellesnemnda den 19. november

  • Møteplan for Nye Øygarden kommune 2019
  • Referatsaker: KommuneROS for Sund, Fjell og Øygarden kommunar, oversending av dokument frå eldreråda og tre referat frå partssamansett utval

Møtet vert halde på Skjenet 2, Straume og overført på nett-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst: Vigleik Brekke