Føreslår å undersøkja marknaden for pensjonsleveranse

Prosjektrådmannen føreslår at det vert gjennomført ei intensjonskunngjering for å få klarlagt om det kan gjerast ei direkte anskaffing i KLP eller om val av pensjonsløysing må ut på anbod. Saka vert behandla i fellesnemnda for Nye Øygarden i Fjell rådhus måndag 8. april.

I desember vedtok fellesnemnda at dei tilsette i Nye Øygarden skal ha forsikra løysing i KLP. Det vart også vedteke at prosjektrådmannen får i oppdrag å sjekka om val av pensjonsløysing er underlagt innkjøpsreglementet.

Prosjektrådmannen har kontakta KS Advokatene, Odin Prosjekt AS og Pensjonskontoret. Desse tre er samstemte om at ei slik anskaffing av pensjonsløysing er underlagt innkjøpsregelverket. Dersom det berre er eín leverandør av slike tenester, kan det gjerast direkte anskaffing utan anbod, det vil seia KLP. Dersom det er fleire likeverdige tilbydarar, må det gjennomførast anbod.

Både KS Advokatene, Odin Prosjekt AS og Pensjonskontoret konkluderer med at det bør lysast ut ei intensjonskunngjering for å avdekkja kor mange leverandørar det er i marknaden for denne typen tenester. Prosjektrådmannen følgjer dette rådet. Saka vert behandla i fellesnemnda måndag 8. april.

Organisering av stand på Offshore Technology Days (OTD) 2019

I februar behandla fellesnemnda rapport frå arbeidsgruppa «Lokaldemokrati og identitet». Det vart vedteke eit budsjett på 710 tusen kroner, inklusive 200 tusen kroner til stand på OTD. I vedtaket vert prosjektrådmannen beden om å koma tilbake med eiga sak om organisering av stand på OTD i Stavanger Forum 2019.

I saka stiller prosjektrådmannen spørsmålet om «eigen kommunal stand» er rette måten å delta på. Kostnadene til sjølve standplassen er rekna til 131 tusen kroner. I tillegg kjem kostnader med utsmykking/presentasjon, reise og opphald for dei som skal stå på standen. I saka vert det vist til moglege alternativ til å ha eigen stand. Døme på dette kan vera at den nye kommunen deltek med eit «anleggsbidrag» eller tek ein delegasjonstur til Stavanger medan OTD-messa går føre seg.

Prosjektrådmannen legg fram saka utan innstilling.

Før behandlinga av sakene, gjev prosjektrådmann Rune Lid statusorientering. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Merk at møtet vert halde i kulturhuset på Fjell rådhus. Det tek til klokka 09.00. Møtet vert overført på nett-TV.

Tekst: Vigleik Brekke