Førehandstemming frå måndag 12. august

Førehandstemming finn stad frå 12.08.19 til og med 06.09.19. Du kan førehandstemme i den kommunen du sjølv ønskjer. Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort el. likn.) og gjerne valkortet du får tilsend i posten (ikkje noko krav, men lettar arbeidet for valfunksjonæren).

Her finn du meir informasjon om tid og stad for førehandstemming.
Her finn du meir informasjon om valet i 2019.