Føregangsland i digital helse

Danmark ligg heilt i verdstoppen når det gjeld digital helse. Det fekk fellesnemnda for Nye Øygarden erfara på studieturen til Danmark denne veka.

Nanna Skovgaard

Kontorsjef Nanna Skovgaard i Sundheds- og Ældreministeriet i København kommune orienterte om den nasjonale strategien for digital helse (2018-2022) som vart presentert i januar i år. Danmark haustar mykje ros for løysingar med felles medisinkort og nettstaden sunhed.dk.

Danmark har mange av dei same utfordringane som Noreg. Det vert stadig fleire eldre. I følgje det nasjonale dokumentet om digital helse vil talet på eldre over 75 doblast i løpet av dei 30 komande åra.

Målet er å auka tal behandlingar og redusera lengda på opphaldet på sjukehusa. Danmark har peika ut åtte nasjonale mål for helsevesenet. Det handlar om å forbetra overleving og pasienttryggleik, høgare kvalitet på behandlinga, raskare utgreiing og behandling, fleire sunne leveår og meir effektivt helsevesen, for å nemnda nokre av måla.

Digitalt samarbeid er nødvendig

– Det er ikkje noko alternativ til auka digitalt samarbeid. No er det berre 20 prosent av befolkninga i alderen 65 til 89 år som aldri nyttar internett. I arbeidet med digitalisering handlar det mykje om kva vi kan gjera med mobilen, sa Nanna Skovgaard.

Danmark har utvikla eit felles medisinkort landet er stolt av. Her får innbyggjarane tilgang til samla overblikk over sin eigen helsestatus. Det danske helsevesenet arbeider med å utvikla dette digitale hjelpemiddelet slik at det kan delast til beste for innbyggjarane, pårørande og helsepersonell. I dag finst det ulike datasystem blant dei ulike aktørane i helsevesenet.

– Vi treng ikkje eitt system, men ein journal. Sjukehus, fastlegar, kommunelegar treng nødvendigvis ikkje same systema, sa Nanna Skovgaard.

Ifølgje Skovgaard er politikarane svært opptekne av datatryggleiken. Døme på utfordringar er virusangrep, hacking og cyberangrep.

Innbyggjarservice

På studieturen til København og Gentofte kommune var det også informasjon om innbyggjarservice (borgarservice) og bruk av bibliotek som basis for borgarservice. Deltakarane på studieturen fekk også innføring i politiske vedtak og strategiar for digitalisering. Mellom anna vart det i Danmark frå 2014 obligatorisk å kommunisera digitalt med det offentlege.

Det var også gruppearbeid der deltakrane vart utfordra på korleis ein kan digitalisera ulike tenesteområde i Nye Øygarden kommune. Studieturen vart avslutta med å drøfta hovudpunkt i intensjonsavtalen. Det vart stilt spørsmål om kva fellesnemnda meiner med at «digitalisering skal kompensera for avstand», kva fellesnemnda meiner med at «dei publikumsretta tenestene skal vera sikra i kommunale servicesenter» og kva ein meiner med at dei «brukarretta tenestene skal vera så nær brukarane som mogleg».

Prosjektrådmann Rune Lid, leiar av fellesnemnda og ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, viser her klart korleis dei opplevde studieturen til Danmark.

Prosjektrådmann rune Lid viste til leiarsamlinga på Flesland 14. og 15. mai som han opplevde som positiv og god for arbeidet med den overordna administrative organiseringa.  Han minna også om at i arbeidet med å byggja ein ny kommune må vi våga å snakka om det som vi kan venta med. Han rosa dei to andre rådmennene for god støtte i arbeidet med å leia arbeidet. Etter ein høyringsrunde på eit dokument der rådmennene har presentert sitt framlegg til overordna administrativ organisering, skal prosjektrådmannen tidleg i juni gje innstilling til den overordna administrativ organiseringa av den nye kommunen. Saka vert behandla i partssamansett utval den 12. juni og fellesnemnda den 18. juni.

Leiar av fellesnemnda Kari-Anne Landro summerte opp med å seia at det hadde vore eit godt fagleg program på studieturen. Ho understreka også kor viktig det er at representantar frå dei tillitsvalde var på turen.

Den 1. juni tek ordførar Børge Haugetun over som leiar av fellesnemnda for Nye Øygarden kommune.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete

Anja Svejgaard Pors frå Institut for Ledelse og forvaltning

 

 

 

Annette Ishøy-Rasmussen, sjef for Borgerservice, digitalisering og IT i Gentofte kommune.
Sjef for hovudbiblioteket i København, Jakob Heide Petersen