Førebur seg til valet i 2019

Prosjektrådmannen for Nye Øygarden kommune går inn for at det vert valt eit valstyre på ni medlemer som skal ha hovudansvaret for gjennomføringa av kommunestyrevalet i 2019. Fellesnemnda skal ta stilling til forslaget måndag den 10. september.

I reglementet for fellesnemnda går det fram at fellesnemnda skal organisera arbeidet med kommunevalet i 2019 og fungera som  valstyre. Fellesnemnda er samansett av 17 medlemer, og i saksutgreiinga skriv prosjektrådmannen at det kan vera ei praktisk utfordring å få utført det nødvendige arbeidet med valet. Det vert difor tilrådd å velja eit valstyre med maksimalt ni medlemer, tre medlemer frå kvar kommune. Det er føreslått at ordførarane utgjer tre av medlemene i valstyret.

På møtet i fellesnemnda vert det informasjon om Stimulab-prosjektet «Samordna teneste for utsette barn og unge og dei pårørande, ny teneste i ny samanslått kommune», arbeidsgruppa for  lokaldemokrati og identitet og oversyn og reglar om gildskap i samband med kommunale selskap, stiftingar m.m.

Prosjektrådmann Rune Lid skal mellom anna gje informasjon om status for prosjektorganiseringa, arbeidet med tilsetjing av kommunalsjefar, pågåande prosjekt og frigjering av ressursar til ulike prosjekt.

Møtet vert halde på Skjenet og tek til klokka 09.00. Du kan følgja møtet på nett-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Ill.: Monica Hovland