Personalsamling – Øygarden 2020

Vi inviterer alle tilsette i storkommunen til felles personalsamling torsdag 2. januar kl. 17.00-19.00 i Sotra Arena.

Program

  • Foredrag: Relasjonell kapasitet
    – Korleis kan strukturert arbeid med samanslåing gje betre kommunale tenester? v/Jacob Stork frå Joined Action Analytics
  • Foredrag: Motivasjon, kraft og kultur
    – Entusiasme, lagbygging og ein god intern kultur v/Ingebrigt Steen Jensen
  • Tale ved ordførar Tom Georg Indrevik
  • Tale ved kommunedirektør Rune Lid
  • Bli kjent med kommunalsjefane i storkommunen
  • Presentasjon av grafisk profil
  • Underhaldning av unge, gnistrande artistar frå ungdomsskulane i kommunen

Konferansier: Regine Oen Hatten

Samkøyring

Vi oppmodar om å samkøyra til Straume, parkera i Kystbygarasjen og gå saman med gode kollegaer til Sotra Arena. Personalsamlinga skjer utanom arbeidstid.

Her kan du sjå plakat for arrangementet.