Ofte stilte spørsmål

1.  Kvifor byggjer Sund, Fjell og Øygarden ein ny kommune saman?
Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei kommunereform. Formålet med reforma er å byggja kommunar som skal vera i stand til å handtera velferdsoppgåvene i framtida på ei best mogleg måte. Den 21. juni 2017 gjorde kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden endeleg vedtak om å slå  saman dei tre kommunane med verknad frå 1. januar 2020. Frå 2020 vil det vera 356 kommunar i landet. I intensjonsavtalen vedteken i juni 2016 kan du lesa meir om bakgrunnen og grunngjevinga kvifor dei tre kommunane vil byggja Nye Øygarden kommune.
Regjeringa har eiga nettside for kommunereforma.

2. Kva skjer fram til kommunen er ein realitet i januar 2020?
Dei tre kommunane har etablert ein prosjektorganisasjon lokalisert på Skjenet på Straume i Fjell som arbeider med å realisera den nye kommunen. Fellesnemnda, samansett av 17 politikarar frå dei tre kommunane, har allereie gjort vedtak knytt til overordna administrativ organisering, politisk styringsstruktur og eigarskapsmodellar. Det er også vedteke ein omstillingsavtale som sikrar retta til dei tilsette i Sund, Fjell og Øygarden. Innan utgangen av august er den nye leiinga med fem kommunalsjefar venteleg på plass. Ny rådmann skal etter planen ta til i stillinga i januar 2019. Det er oppretta ei rekkje arbeidsgrupper som skal leggja til rette for at den nye kommunen er ein realitet frå januar 2020.

3. Er eg garantert jobb i den nye kommunen?
Ja. Politikarane vedtok i intensjonsavtalen ein såkalla stillingsgaranti. Den inneber at ingen skal mista jobben i samband med kommunesamanslåinga.

4. Kvar skal eg arbeida?
Ein del tilsette må pårekna å skifta arbeidsplass og få nye arbeidsoppgåver. Dette vil avhenga av kva type jobb du har i dag. Døme: ein tilsett i ein barnehage i Øygarden må truleg ikkje skifta arbeidsstad, fordi barnehagen skal liggja der han ligg. Annleis er det for tilsette i administrative stillingar. Dei må i større grad pårekna endring i arbeidsstad og oppgåver.  Det er avgjort at sentraladministrasjonen skal liggja på Straume. Avklaring om framtidig arbeidsstad heng saman med korleis tenestene i framtidig kommune skal sjå ut, og dette arbeidet er ikkje ferdig.

5. Får eg andre arbeidsoppgåver?
Ein del tilsette vil få nye eller endra arbeidsoppgåver. Dette er ein konsekvens av mellom anna korleis tenestene i den nye kommunen vert organiserte, endra tenestebehov, digitalisering og at det kan vera fleire tilsette med same kompetanse.

6. Kva løns, arbeids- og pensjonsvilkår vil eg få i den nye kommunen?
Det er reglane om verksemdsoverdraging i arbeidsmiljølova som styrer dette. Som utgangspunkt går dei tilsette inn i ny kommune med dei rettane ein har i dag, men samstundes skal det byggjast ein ny arbeidsgjevarpolitikk for Nye Øygarden kommune, og då vil ein måtta  drøfta og forhandla seg fram til gode løysingar for alle tilsette. Eit døme på dette er arbeidstid. Det kan vera skilnader mellom dei tre kommunane i dag, men det er eit mål å gjera dette likt for alle tilsette. Når det gjeld løn, er det sagt at alle beheld noverande løn, sjølv om ein får endra oppgåver i ny kommune.

Når det gjeld pensjon er det ei sak for seg. Det er gjennomført ei kartlegging av ordningane i dei tre kommunane, og det er ei arbeidsgruppe som jobbar med dette

7. I kva grad kan eg påverka mi eiga framtid i den nye kommunen?
Du kan påverka ved å snakka med leiaren din. Dei som vert mest berørte av samanslåinga vil få høve til å påverka mellom anna gjennom ei såkalla kartleggingssamtale med leiaren sin. Dette heng og saman med korleis den nye kommunen vert organisert. Du kan og påverka ved å nytta tillitsvalde. Hovudoppgåva til dei tillitsvalde er å sjå til at arbeidsgjevar opptrer i samsvar med lov- og avtaleverk og at rettane til dei tilsette vert følgde i samanslåingsprosessen.

8. Kven tek i vare mine interesser som tilsett?
Arbeidsgjevar har plikt til å ta vare på dei tilsette. Vidare vil tillitsvalde og vernetenesta jobba for dei tilsette. Både hovudtillitsvalde og hovudverneombodet sit i styringsgruppa til prosjektleiinga. Dei vil og vera representerte etter kvart som fleire delprosjekt vert etablerte.

9. Kvar finn eg meir informasjon om Nye Øygarden kommune?
På nettsida til Nye Øygarden kommune og Facebook-sida til den nye kommunen finn du oppdatert informasjon om arbeidet med å byggja Nye Øygarden kommune. Eit informasjonsblad «Øygarden 2020» vert distribuert til alle tilsette i Sund, Fjell og Øygarden. Bladet kjem ut med fire nummer i året. Det vert også distribuert informasjonsbrosjyre til alle husstandane i dei tre kommunane.