Hovudprosjekt Økonomi

Den 28. januar leverte dei fem hovudprosjekta sluttrapportar sine etter konseptfasen, mellom anna basert på sluttrapportar frå oppretta delprosjekt.

Målet med hovudprosjekta sin rapport er å synliggjera hovudtrekka frå delprosjekta sine sluttrapportar etter konseptfasen. Hovudprosjekta har vurdert leveransane frå delprosjekta i ein heilskapleg samanheng innanfor kommunalsjefområdet og sett dette opp i mot føringar gjeve i mandat (intensjonsavtalen, vedtak om administrativ organisering nivå 1, m.v.). Hovudprosjekta kan på denne bakgrunn ha gjort endringar i høve delprosjekta sine tilrådingar.

Les mandat for hovudprosjekt Økonomi her

Les sluttrapporten til hovudprosjekt Økonomi her

 

I konseptfasen har om lag 35 delprosjekt og fem hovudprosjekt gjort eit godt og omfattande arbeid. Samla sett har mellom 250 og 300 medarbeidarar delteke i prosjektarbeid med etablering av den nye kommunen. Dette har vore særs krevjande for medarbeidarar som på same tid har måtta sikra driftsoppgåver i eksisterande kommunar. Tillitsvalde og hovudverneombod har delteke i både hovudprosjekt og delprosjekt.

Eg ønskjer å nytta dette høvet til å takka alle deltakarane i prosjekt og delprosjekt for godt og omfattande arbeid og stort engasjement.

Prosessen vidare

Prosjektrådmannen skal samanstilla leveransane frå hovudprosjekta for vidare prosess.

I tråd med Hovudavtalen § 1-4-1 som gjeld omorganisering, skal arbeidsgjevar så tidleg som mogleg informera, drøfta og ta tillitsvalde med på råd når det gjeld omorganisering/omlegging av drifta.

På bakgrunn av dette vil prosjektrådmannen halda eit informasjonsmøte for dei hovudtillitsvalde den 8. februar klokka 14.00-16.00 på Skjenet, med seinare drøftingsmøte.

Prosjektrådmannen legg elles opp til slik framdrift:

  1. Vedtak struktur nivå 2 – 11.mars 2019
  2. Leiarstillingar nivå 2 – 30.april 2019
  3. Plassera inn stillingar i ny kommune innan 21. juni 2019
  4. Avgjerd om lokalisering innan 31.oktober 2019

Rune Lid
prosjektrådmann

Prosjektgruppe Økonomi
Frå venstre; Anita Røyneberg Alvheim (Akademikerne, Tekna), Svend-Fredrik Untiedt (prosjektleiar), Rune Lid (prosjektleiar/rådmann), Åse Vik (kommunalsjef Øygarden og Hildegunn Høyland (LO, Fagforbundet).