Hovudprosjekt Kultur og samfunn

Kultur og samfunn som kommunalsjefområde og prosjekt skal særskilt sjå på oppgåver innafor kultur, kulturskule, bibliotek, idrett, friluftsliv, planarbeid, kart og areal, miljø, landbruk, byggjesak, folkehelse, samferdsle, transport, drift- og vedlikehaldstenester, bustadutleige m.m. Dette er tenester og oppgåver som skal planleggja og leggja til rette for det gode samfunnet i Nye Øygarden kommune. Det har blitt gjennomført ei framtidsoppgåve med formål å starta arbeidet med å kartleggja kva tenester og oppgåver ein har i alle tre kommunar i dag. Dette arbeidet held fram i delprosjekta som vert oppretta, og vert sett i samanheng med beste praksis og må-oppgåver.
Det vert særskilt fokus på innbyggjarane sine behov, samfunnsutvikling og innovasjon i det arbeidet som skal gjerast dei næraste månadene.

Kultur og samfunn har til no hatt seks møte, og det er god dynamikk og progresjon. Det er etablert fire delprosjekt som er sette i gong, og det vert etablert fleire arbeidsgrupper under desse att.

Les mandat for hovudprosjekt kultur og samfunn her.

Prosjektgruppe Kultur og samfunn
Frå venstre; Lennart Fjell (kultursjef Fjell), Eli Jeanette Fosso (prosjektstøtte), Marita Hilleren (kommunalsjef Sund), Bjørn Erik Kristiansen (plan- og eigedomssjef Fjell), May-Britt Hansen (YS, Delta), Råmund Skjold (kommunalsjef Øygarden), Bodil Aleksandersen (LO, Fagforbundet), Nils Arthur Amundsen (hovudverneombod), Knut Eivind Nygård (fagleiar Sund) og Jarle Kåre Oen (prosjektstøtte).