Hovudprosjekt Helse og velferd

Prosjekt «Helse og velferd» har mange forskjellige tenesteområde og omfattar svært mange tilsette.
Prosjektgruppa har difor lagt vekt på brei involvering i delprosjekta så langt det let seg gjera innafor
tilgjengelege ressursar og den knappe tida som er til rådvelde.

Delprosjektleiarane er i hovudsak rekrutterte frå prosjektgruppa for å sikra forankring og avklaringar undervegs i arbeidet. Det er viktig at medlemane i delprosjekta legg opp til drøftingar «heime» på arbeids-
plassen sin, slik at flest mogleg kan gje innspel til prosessen som no går føre seg. Alle delprosjekta har tatt oppdraget med stor entusiasme og velvilje. Inntrykket er at folk har venta på å koma i arbeid med å byggja vår nye kommune – det lovar godt.

I tillegg vert det gjennomført kartleggingsarbeid innan barnevern, helsestasjon, jordmorteneste og PPT. Her er det planlagt eit felles delprosjekt med «Oppvekst».

Les mandat for hovudprosjekt helse og velferd her.

Prosjektgruppe Helse og velferd
Frå venstre; Monica Landro (einingsleiar psykiatri Sund), Terje Handal (helsesjef Fjell), Marita Hilleren (kommunalsjef Sund), Line Barmen (omsorgssjef Fjell), Bente Ormevik (LO, Fagforbundet), Monica Pedersen (leiar flyktningar og tenesteutvikling), Åse Vik (kommunalsjef Øygarden), May-Britt Hansen (YS, Delta), Jana Wietschorke (Unio, Norsk Sykepleiarforbund) og Tove Helleland (sosialsjef Fjell).