Folkehelseoversikt er klar til nyttår

Planleggjarar og folkehelsekoordinator i Sund, Fjell og Øygarden har invitert til to arbeidsverkstader i oktober og november. Til nyttår skal det liggja føre ei folkehelseoversikt.

På seminaret denne veka var det mellom anna gruppesamtalar.

Målet med dette arbeidet er å få ei felles forståing for folkehelsearbeidet i den nye kommunen og å samla seg om eit felles utfordringsbilete.

– Det er viktig at folkehelseoversikta ikkje vert liggjande i ei skuff, sa planleggjar Kristina Espeseth på samlinga i kultursalen i Fjell rådshus på måndag denne veka. Oversikta er ei samanstilling av data frå ulike kjelder. Oversikta skal nyttast i arbeidet med planar i den nye kommunen.

På den siste samlinga (18.11.) gjekk planleggjarane Espeseth og Elin Helland-Jooste gjennom den førebelse folkehelseoversikta. Funna så langt viser at det er større risiko for uhelse blant den delen av befolkninga som har lågt utdanningsnivå. Befolkningsutviklinga i regionen vår har vore prega av ung befolkning, relativt få eldre, innvandrarar og einslege. Dette biletet har endra seg, og det er også i vår region i framtida forventa fleire eldre, fleire innvandrarar og fleire einslege.

Den førebelse folkehelseoversikta viser mellom anna at det er registrert fleire urolege barn og fleire barn med åtferdsvanskar. Utdanningsnivået i regionen vår har vore lågare enn landsgjennomsnittet, men dette biletet har endra seg dei siste 20 åra.

Fleire barnevernstiltak

Det er registrert ein auke i talet på barn med barnevernstiltak i Fjell og nedgang i Øygarden. Styrking av barnevernet har bidrege til at ein i større grad har klart å avdekka dei som har eit hjelpebehov. Arbeidsløysa har gått ned. Det same gjeld fråfallet i den vidaregåande skulen. Det vert likevel understreka at dette framleis er ei utfordring.

Den førebelse folkehelseoversikta har kartlagt ei rekkje område. Døme på dette er barnefattigdom, helsetilstand (mellom anna røyking og oververkt), nærmiljø, kriminalitet, rus, skader i trafikken, luftkvalitet, vasskvalitet, støy og innlegging i spesialisttenesta.

I paneldebatten vart det mellom anna peika på at folkehelseoversikta bør seia noko meir om den eldre delen av befolkninga og gjeldssituasjonen for utsette grupper.

Her er den førebelse helseoversikta for Nye Øygarden kommune.

Tekst og foto: Vigleik Brekke