FjellVAR (ØyVAR) vert leverandør av renovasjonstenester

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok i dag at FjellVAR AS (og rettsetterfølgjaren ØyVAR) skal vera renovasjonsleverandør frå 2020. Dette var eitt av mange vedtak på det siste møtet i fellesnemnda før ferien.

På møtet i fellesnemnda var det fleire pausar for drøftingar. Frå venstre; May-Elin Limevåg, Elizabeth Toft Erichsen, Kjell Arve Vorland og Jørgen Kausland, alle frå Sund.

Sund kommune har BIR AS som renovasjonsleverandør. Fellesnemnda har tidlegare vedteke at det skulle gjennomførast avklaringsrundar med BIR AS før fellesnemnda tok endeleg avgjerd om renovasjonsleverandør for Nye Øygarden kommune. I saksutgreiinga går det fram at dersom FjellVAR/ØyVAR skal ha renovasjonsoppdraget, bør konkurranseutsetjing av kontraktane til FjellVAR starta seinast hausten 2019.

Dersom BIR skal ha renovasjonsoppdraget, meiner forhandlingsutvalet (på vegner av den nye kommunen) at Nye Øygarden kommune bør ha eigardel basert på folketal og garantert styrerepresentasjon. I vurderinga skriv prosjektrådmannen at både FjellVAR og BIR har gode alternativ i dag. Tenestetilbodet ser ut til å vera nokså likt.

Steinar Nævdal, BIR.

I vedtaket frå møtet i dag heiter det at fellesnemna tilrår at kommunestyret i den nye kommunen i perioden 2024-2025 evaluerer leverandøren av renovasjonstenestene. Prosjektrådmannen skal starta prosessen med avvikling av eigarskapet Sund kommune har i BIR og tingingar om overføring av driftsmidlar og tilsette frå BIR.

Jørgen Kausland føreslo å utsetja  saka. Utsetjingsforslaget fekk fire røyster og dermed ikkje fleirtal. Mot fire røyster slutta fellesnemnda seg til innstillinga frå prosjektrådmannen.

Her kan du høyra korleis leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, oppsummerer møtet i fellesnemnda

 

Ubalanse i økonomien

Til møtet låg det føre økonomisk status for dei tre kommunane samla pr. 30. april. Fellesnemnda tok saka om økonomisk status og budsjett for 2020 for Nye Øygarden kommune til orientering.

Eit forslag om to tilleggspunkt vart lagt fram i møtet og samrøystes vedteke. Det vert det slått fast at fellesnemnda skal utgjera budsjettnemnd. Budsjettnemnda skal fortløpande verta involvert i prosessen. Dette kan gjerast i eige eller ekstra møte. Det bør så snart som mogleg utarbeidast eit grunnlagsdokument for drøfting i fellesnemnda

Resultatet så langt i år viser eit samla netto negativt budsjettavvik på 16,3 millionar kroner i forhold til netto driftsresultat. Årsprognosen for netto driftsresultat ser etter fire månader ut til å verta om lag minus 77 millionar kroner. Det er budsjettert med ein minus på 53 millionar kroner. Dermed vert det samla avviket på 24 millionar kroner.

Søkjer om å forskottera reformstøtte

Fellesnemnda gav prosjektrådmannen fullmakt til å forskottera delvis bruk av reformstøtta på 25,6 millionar kroner dersom det vert behov for det for å sikra gjennomføring og framdrift i arbeidet med å byggja den nye kommunen. Prosjektrådmannen legg på første møte i fellesnemnda etter ferien fram ny sak med oppdatert økonomisk status.

Dei tre kommunane har fått 35,9 millionar kroner i statleg tilskot til kommunereforma. Pr. 6. juni står det att 9,7 millionar kroner av desse midlane. Prosjektrådmannen gjer merksam på at dette truleg ikkje er tilstrekkeleg for å dekkja forventa kostnader i løpet av sommaren og hausten.

Godkjende etiske retningslinjer

Fellesnemnda godkjende framlegget til etiske retningslinjer. I pkt. 12 i innstillinga vart siste setning teke ut. Retningslinjene er endra etter fleire behandlingar i partssamansett utval. Målet med dei etiske retningslinjene for Nye Øygarden kommune er å sikra ein etisk standard som gjer at innbyggjarane har tillit til kommunen som tenesteytar, som forvaltningsmynde og som arbeidsgjevar.

Frå møtet i dag.

Lokalisering av tenestene

Fellesnemnda tok drøftingssak om lokalisering av administrative og tenesteproduserande einingar i den nye kommunen til orientering.

Fellesnemnda slutta seg til eit forslag frå Tom Georg Indrevik om at for å sikra god politisk forankring av lokaliseringa, vert det lagt fram ei eiga sak til fellesnemnda for vedtak knytt til steg to. Dette inneber at det skal leggjast vekt på at forslag om lokalisering vert knytt opp nærtenesteprinsippet.     Fellesnemnda ber også om at det går fram i den vidare prosessen korleis ein ved lokalisering kan frigjera ressursar gjennom effektivisering og reduserte kostnader. Vidare skal fokus på brukarane alltid telja høgt ved vurdering av lokalisering.

Det vert stegvis avklaring av lokaliseringa. I saksutgreiinga går det fram at identifisering av einingar med tilsette som ikkje vert involverte av lokaliseringsendringar, vert etter planen gjennomførte innan 13. september. I neste steg vert det arbeidd fram forslag til tenester som skal vera sikra i lokale servicesenter. Ein skal også identifisera andre tenester som bør få ei brukarnær lokalisering. Det skal vidare gjevast innspel til tenester som kan sentraliserast til kommunesenteret eller kommunedelsentera.

Frist for gjennomføring i steg to er 20. september. Denne prosessen er føreslått delegert til kommunalsjefane. I steg tre, som gjeld område der det er formålstenleg og viktig å få klargjort lokale før 1. januar 2020, kan avgjerd om lokalisering gjerast fortløpande og tidlegare enn siste frist 30. oktober. I dette steget er det prosjektrådmannen som tek avgjerd. Prosjektrådmannen legg til grunn at kommunale eigedomar på Straume, Skogsskiftet, Rong, og eventuelt andre stader skal takast i bruk. Overflødige eller leigde bygningsmassar skal fasast ut.

Anbodsprosess for pensjonsløysing

Fellesnemnda tok saka om anbodsprosess på forsikra løysing for pensjon i Nye Øygarden kommune til orientering. Det vart vedteke at vektinga i anbodet skal vera 55 prosent pris og 45 prosent kvalitet.

Den 8. april vedtok fellesnemnda at det skulle gjennomførast ei intensjonskunngjering. Denne kunngjeringa skulle klargjera om det kan gjerast ei direkte anskaffing i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) eller om val av pensjonsleverandør må ut på anbod.

Etter intensjonskunngjeringa kom det fram at det er fleire aktørar som kan vera aktuelle som leverandør. Storebrand gjorde kjent at selskapet kan levera pensjonstenester og at det difor bør gjennomførast anbodskonkurranse. På bakgrunn av dette vert det gjennomført ein anbodskonkurranse. Når anbodet er gjennomført, vert det klart kven som skal overta etter Fjell kommunale pensjonskasse og eventuelt KLP.  Avtale med ny leverandør vert etter planen gjeldande frå 1. januar 2020.

                                              Få venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, Børge Haugetun og Egil Haaland.

Godkjende vedtekter for Øygarden brann- og redning KF

Fellesnemnda vedtok å ta til etterretning vedtak i kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden om å oppløysa Øygarden brann og redning IKS (ØBR) der formålet er å omdanna ØBR til kommunal føretak (KF). Fellesnemnda godkjende framlegg til vedtekter og avtale med nokre endringar i driftsavtalen for føretaket.

Øygarden Bustadutvikling KF – vedtekter og oppretting av interimstyre

Framlegg til vedtekter for Øygarden bustadutvikling KF var godkjende slik dei låg føre. Fellesnemnda slutta seg også til prosjektrådmannen sine forslag til oppgåver for interimsstyret.

Desse vart valde til interimsstyre; Kari-Anne Landro (leiar), Egil Haaland (nestleiar), Nils Kåre Skoge, Torill Selsvold Nyborg og Åse Gunn Husebø. Varamedlemer vert Silvia Haugland, Espen Harkestad og Elna Nybakk.

Nye reglar om eigedomsskatt

Fellesnemnda vedtok at det skal leggjast fram prinsippsak med framlegg om utskrivingsalternativ av eigedomsskatt for 2020 etter at nytt kommunestyre for Nye Øygarden kommune er konstituert den 24. oktober.  Saka skal innehalda ein plan for jamn harmonisering av satsane i samsvar med dei nye reglane.

Støtte til Øygardskonferansen

Fellesnemnda vedtok å løyva to hundre tusen kroner til Øygardskonferansen 2019. I vedtaket går det fram at ved planlegging av konferansen for 2020 bør det opprettast ein formell programkomite i samarbeid mellom Vest Næringsråd og (Nye) Øygarden kommune. Fellesnemnda ber vidare om at det vert lagt til rette for at det nye kommunestyret vert invitert til å delta på konferansen og at kostnadene med dette vert dekte av Nye Øygarden kommune.

Uttale om nytt båtsamband mellom Nye Øygarden kommune og Bergen kommune

Fellesnemnda vedtok uttale til utgreiinga om båtsamband mellom Nye Øygarden kommune og Bergen kommune.  I uttalen heiter det mellom anna at med auka aktivitet og etablering av Ågotnes godshamn, er Ågotnes eit alternativ som styrkjer seg som ein aktuell lokalitet for varig båtsamband. Kommunen ønskjer at det vert arbeidd vidare med dette alternativet både på kort og lang sikt. Det same gjeld for om det er grunnlag for stopp på Brattholmen og Straume Sjøfront.

I møtet vart det fremja eit tilleggspunkt som vart vedteke samrøystes. Der heiter det at for å betra trafikksituasjonen ved rundkjøringa på Kolltveit, ønskjer kommunen at det vert arbeidd med eit båtalternativ i sør. Sidan det er vanskeleg å leggja til rette for parkering på Klokkarvik ønskjer kommunen at det vert arbeidd vidare med eit alternativ på Skaganeset på kort og lang sikt

Fellesnemnda vedtok å utsetja sak om medlemskap i nettverket «Sunne kommunar» frå 1. januar 2020.

Det var informasjon frå prosjektrådmann Rune Lid og tre kommunalsjefar om status i arbeidet. I samband med saka om renovasjonsløysing var det informasjon ved konsernsjef/administrerande direktør i Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap (BIR) og dagleg leiar FjellVAR, Bjarne Ulvestad.

Presentasjonar i møtet:

Her kan du sjå opptak frå møtet i fellesnemnda.

Tekst og foto: Vigleik Brekke