Fellesprosjekt får statleg støtte

Fjell, Sund og Øygarden som skal slå seg saman til Nye Øygarden kommune er mellom dei fire prosjekta som får støtte fra Difis StimuLab etter første søknadsrunde.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (til venstre).

StimuLab er ei ordning som DIFI (direktoratet for offentleg forvaltning) og DOGA (design og arkitektur Norge) forvaltar på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei tre kommunane skal nytta midlane til å utforska korleis dei kan samordna tenester til utsette barn og unge og deira pårørande.

– Vi vil støtta verksemder som vågar å tenkja nytt og testa ut nye måtar å jobba på. Difor har regjeringa tildelt ti millionar kroner i 2018 til statlige verksemder og kommunar som vil innovera i offentleg sektor, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Det er rådmennene i dei tre kommunane som er styringsgruppe for prosjektet, medan Elin Helland-Jooste er prosjektleiar. Dei tre kommunane har fått 1,2 millionar kroner til prosjektet.

StimuLab skal støtta og stimulera til brukarorientert nyskaping i forvaltninga, gjennom bruk av tenestedesign, testing og eksperimentering. Ordninga skal styrkja innovasjonskapasiteten i offentleg sektor, både ved å støtta konkrete innovasjonsprosjekt, og bidra til kompetanseheving og erfaringsspreiing på tvers.

Det er Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) som vel ut prosjekta, og i går vart det kjent kva fire første prosjekt som kjem med i StimuLab, og som får ei støtte på i alt 6,2 millionar kroner.

I søknaden frå dei tre kommunane går det fram at dei ønskjer å utforska korleis dei kan samordna tenestene til utsette barn og unge og deira pårørande.

– I dag er tenestene delte opp og ulikt organiserte i dei tre kommunane som skal slå seg saman. Dette prosjektet vil gje kunnskap og erfaring om korleis dei kan nytta tenestedesign som ein del av kommunesamanslåinga og verta eit konkret døme på tenesteutvikling i den nye kommunen, seier prosjektleiar Elin Helland-Jooste.

Tekst og foto: Vigleik Brekke