Fellesnemnda vedtok pensjonsløysing med forsikra løysing i KLP

Fellesnemnda vedtok i dag samrøystes at dei tilsette i Nye Øygarden kommune skal ha forsikra løysing i KLP.

Frå møtet i fellesnemnda i dag.

Vedtaket samsvarar med innstillinga frå prosjektrådmannen og partsamansett utval. Det vart likevel lagt til i vedtaket at det skal undersøkast om det er lovleg å gjennomføra forsikra løysing med KLP (Kommunal Landspensjonskasse) utan anbod. Prosjektrådmannen skal koma tilbake med konkrete framlegg til vedtak i dei respektive kommunestyra og orientering om vidare prosessar.

På møtet i dag brukte fellesnemnda mest tid på å avklara om saka skulle utsetjast eller ikkje. Etter at saka vart drøfta i kommunestyret i Fjell i sist veke, hadde representantar i fellesnemnda frå Fjell ønske om å utsetja saka og at det felles kommunestyremøtet den 17. januar (for dei tre kommunane) skulle få informasjon om saka før fellesnemnda gjorde endeleg vedtak. Etter ein lengre debatt, fekk utsetjingsforslaget fem røyster og fall.

Før det endelege vedtaket i fellesnemnda, vart det røysta over eit forslag om å forsikra løysing med ei tilleggsformulering om at det skulle avklarast om pensjonssaka kunne avgjerast etter anbodsrunde. Dette forslaget fekk seks røyster (Tom Georg Indrevik, Odd Bjarne Skogestad, Ernst Einarsen, Svein Bergh, Anita Garlid Johannessen og May Elin Limevåg). Etter at dette forslaget ikkje fekk fleirtal, samla fellesnemnda seg om at dei tilsette i Nye Øygarden skal ha forsikra løysing i KLP og at det skal avklarast om dette kan gjennomførast utan anbod.

Litt gruppesamtalar måtte til i pausen.

Løyver 200 tusen til OTD-messa

Fellesnemnda vedtok i dag å løyva inntil 200 tusen kroner til finansiering av standen Nye Øygarden kommune hadde på OTD-messa i oktober. Nye Øygarden kommune hadde felles stand med Vest Næringsråd. I utgreiinga går det fram at det var nærare 12 tusen personar som besøkte messa og at messa var vellukka med mange positive tilbakemeldingar. Fleire i fellesnemnda gav uttrykk for at Nye Øygarden kommune sine kostnader med OTD-messa burde vorte avklart på førehand.

Økonomisk ramme for nytt ordførarkjede

Fellesnemnda fastsette ramme for totalkostnad med nytt ordførarkjede til 200 tusen kroner eksklusive meirverdiavgift. I intensjonsavtalen er det slått fast at kommunevåpenet til Sund kommune skal nyttast for den nye kommunen.

Løyver 300 tusen kroner til tiltak i skulen

Det vart vedteke å setja av 300 tusen kroner til tiltaket «Elev i Nye Øygarden kommune» i budsjettet for 2019. Formålet med tiltaket er å involvera barn og unge i arbeidet med å byggja den nye kommune. Våren 2019 vert det presentert eit undervisningsopplegg for skulane i regionen med sikte på at det kan verta innarbeidd i fagplanane for hausten 2019.

Avtale for prosjektrådmann Rune Lid

Fellesnemnda vedtok at eit utval samansett av dei tre ordførarane får fullmakt til å følgja opp arbeidsgjevaransvaret for prosjektrådmannen. Det er inngått ein arbeidsavtale mellom Nye Øygarden kommune og Rune Lid for perioden fram til 31. desember 2019. Rune Lid held fram som rådmann i Sund fram til utgangen av 2019. Sund sender refusjonskrav til Nye Øygarden kommune tilsvarande 80 prosent av lønskostnadene. Frå 1. januar 2020 vert Rune Lid rådmann for Nye Øygarden kommune.

Orienteringar

Før behandlinga av sakene, var det orientering ved prosjektrådmann Rune Lid som gav status for arbeidet med Nye Øygarden kommune. Det er tilsett fire av fem kommunalsjefar, og 35 delprosjekt er starta opp. Les presentasjonen her. 

Leiar av kyrkjeleg fellesråd for Sund, Fjell og Øygarden, Harald Rød, og dagleg leiar av fellesrådet (kyrkjeverje), Olav Martin Vik, orienterte om arbeidet i kyrkjeleg fellesråd for dei tre kommunane. Totalbudsjettet for det nye fellesrådet har frå 2020 ei ramme på om lag 41 millionar kroner. Les presentasjonen her.

Her kan du sjå opptak frå møtet (nett-TV).

Tekst og foto: Vigleik Brekke