Fellesnemnda: Slutta seg til prinsipp for lokalisering, KLP vert pensjonsleverandør

Fellesnemnda slutta seg i dag samrøystes til prinsippa for lokalisering av administrasjon og tenester. I vedtaket vert det mellom anna slått fast at det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume.  Fellesnemnda vedtok også at Kommunal Landspensjonskasse (KLP) vert leverandør av pensjonstenester.

Ingrid Elisabeth Toft, Espen Harkestad, Silvia Haugland og Børge Haugetun frå Øygarden fekk tilslutnad til nytt punkt knytt til lokalisering.

Til liks med partssamansett utval på måndag understreka Børge Haugetun og Silvia Haugland kor viktig det er at intensjonsavtalen skal liggja til grunn for lokaliseringa av tenestene. Ein konsekvens av det er at til dømes heimetenester må ha Rong, og ikkje Ågotnes, som base. Også Jogeir Sognnæs understreka dette, men viste også forventning om rasjonalisering og robuste tenester.

Fire medlemer i fellesnemnda frå Øygarden fremja eit nytt punkt fem til innstillinga. Der heiter det at intensjonsavtalen er fundamentet for lokalisering av tenester i Øygarden kommune. Straume er kommunesenter med tilhøyrande oppgåver. Rong og Skogsskiftet skal som delsenter ha definerte tenestefunksjonar. Nærtenesteprinsippet er eit viktig prinsipp og skal i all hovudsak følgjast. Soneinndelinga bør leggjast til kommunesenter og dei definerte delsentera i intensjonsavtalen. Fellesnemnda slutta seg samrøystes til dette punktet og resten av innstillinga.

I vedtaket, der fellesnemnda slutta seg til innstillinga frå prosjektrådmannen, går det fram at innbyggjartorga skal lokaliserast saman med bibliotektenesta i eigna lokale. Tenester som har karakter av publikumskontakt, skal vera tilgjengelege i innbyggjartorga.

Eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. For å oppnå samhandlings-, effektivitets- og kostnadsgevinstar vert det lagt opp til samlokalisering av større fagmiljø og at oppgåver som naturleg høyrer saman, bør samlast i eín bygning/stad.

Funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.

Som hovudprinsipp skal tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, skal nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Det er lagt til grunn at Straume vert eigen sone.

Innspel frå dei tillitsvalde, presentert i partssamansett utval på måndag, følgjer saka. Innspela omhandlar frikjøp, kontorlandskap, vaksenopplæringa  for flyktningtenesta og helsestasjon for flyktningar.  Dei tillitsvalde meiner mellom anna at heimetenesta Nord må leggjast til Rong for å ivareta intensjonsavtalen.

På grunnlag av behandlinga i partssamansett utval, vedtaket i fellesnemnda og det administrative førebuingsarbeidet, skal prosjektrådmannen innan 30. oktober ta endeleg stilling til lokalisering av administrasjon og tenester. Prosjektrådmann Rune Lid stadfesta på møtet i fellesnemnda at han vil ta intensjonsavtalen og nærtenesteprinsippet på største alvor når han skal konkludera om lokalisering.

Kommunal Landspensjonskasse (KLP) vert leverandør av pensjonstenester

Fellesnemnda vedtok at KLP skal vera leverandør av forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020. Vedtaket vart gjort med 12 mot fem røyster.

Endrar vedtektene for Øygarden bustadutvikling

Fellesnemnda vedtok å endra vedtektene for Øygarden bustadutvikling KF (føretak) slik at det også får ansvaret for å formidla og drifta utleigebustader som er eigd og leigd av (Nye) Øygarden kommune.

Endrar organiseringa av opningsarrangementa

Fellesnemnda slutta seg til forslaget om å la programkomitéen for opningsarrangementet i samband med overgangen til ny kommune vera styringsgruppe for ei prosjektgruppe leia av Christel Møvik-Olsen. Leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, er leiar av programkomitéen.

Folkevaldopplæring

Fellesnemnda godkjende plan for folkevaldopplæring. Det er lagt opp til 10 opplæringsdagar i perioden 21. oktober 2019 til 10. mars 2020.

– Er det vanleg at ein i dei større samanhengane her inne har så mykje folkevaldopplæring , spurte Børge Haugetun og fekk munter respons frå salen.

Marianne Sandahl Bjorøy og Tom Georg Indrevik sa at dette er ein ny kommune, og utval for politisk styringsstruktur har vurdert dette som ein bra opplæringsplan. Det vart også vist til den nye kommunelova som er på trappene.

Lovlegkontroll av vedtak om forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune

Tre kommunestyrerepresentantar i Fjell kommunestyre har fremja lovlegkontroll av vedtaket den 23. september om revidert anbodsprosess på forsikra pensjonsløysing for den nye kommunen. Dei tre representantane (Svein Bergh, Jan Utkilen og Kjell Rune Garlid) vil mellom anna ha lovlegkontrollert om fellesnemnda kan ha ei ny og framtidig pensjonsordning på plass for avtalane med tidlegare pensjonsleverandør er sagde opp.

Elna Nybakk sa at det viktigaste spørsmålet som må stillast er knytt til at rådmannen må seia opp avtalen med Fjell kommunale pensjonskasse før behandlinga i kommunestyret.

Fellesnemnda tok kravet om lovlegkontroll til orientering og vedtok å senda lovlegkontrollen til Fylkesmannen i Vestland for endeleg behandling.

Tekst og foto:  Vigleik  Brekke