Fellesnemnda avgjer pensjonsløysing på måndag

På møtet i fellesnemnda den 17. desember vert spørsmålet om framtidig pensjonsleverandør for dei tilsette i den nye kommunen avgjort. PSU gjekk på tysdag denne veka samla inn for innstillinga frå prosjektrådmannen om forsikra løysing i KLP.

Valet står mellom eigen pensjonskasse, slik Fjell kommune har med Fjell kommunale pensjonskasse, eller forsikra løysing (i praksis KLP, Kommunal Landspensjonskasse).

Sjølv om PSU innstilte på forsikra løysing i KLP kom det fram ulike syn på framtidig pensjonsløysing då saka stod på sakskartet på tysdag. PSU er samansett av ni politikarar frå fellesnemnda og seks representantar frå dei tillitsvalde. Dei tillitsvalde gav uttrykk for at dei støttar ei forsikra løysing i KLP. Nokre av dei politisk valde representantane gjorde det klart at dei er opne for begge løysingane når saka kjem til endeleg behandling i fellesnemnda.

Andre saker i fellesnemnda den 17. desember

  • Oppfølging av inndelingslova knytt til kontrollutval og val av revisorteneste
    Nye Øygarden kommune
  • Oppfølging av inndelingslova knytt til sekretariatsordning for kontrollutvalet i Nye Øygarden kommune
  • OTD-messe i Sotra Arena 17.-18.oktober 2018, finansiering
  • Kostnadsramme for innkjøp av nytt ordførarkjede for Nye Øygarden kommune
  • Elev i Nye Øygarden kommune
  • Oppfølging av arbeidsgjevaransvar for prosjektrådmannen i Nye Øygarden kommune

I møtet vert det gjeve informasjon om prosjektstatus for Nye Øygarden kommune ved prosjektrådmann Rune Lid. Leiar for kyrkjeleg fellesnemnd, Harald Rød, og prosjektleiar Olav Martin Vik orienterer om arbeid med budsjett og tenesteytingsavtale for kyrkjeleg fellesnemnd og leiar i fellesnemnda, Børge Haugetun orienterer om arbeidsavtale med prosjektrådmannen.

Møtet vert halde på Skjenet og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Du kan sjå møtet direkte på nett-TV på nettsida til Nye Øygarden her.

Møtet er også tilgjengeleg i opptak på nettsida.