– Felles idrettsråd vil stå sterkt

Måndag kveld var 40 engasjerte idrettsfolk på plass i Hjeltefjorden Arena på felles idrettsforum for å snakka om framtida for idretten lokalt. Våren 2019 ligg det i korta at dei tre idrettsråda i Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til eit nytt felles idrettsråd.

40 personar møtte opp på felles idrettsforum i den nye idretts- og kulturhallen på Rong måndag kveld.

–  Det er svært viktig å samarbeida i idretten. Erfaringa viser at godt samarbeid med politikarane og administrasjonen i kommunane fører til at ting skjer, seier leiar i Øygarden idrettsråd, Kenneth Oen, etter møtet på måndag.

Oen reknar med at dei formelle vedtaka i dei tre idrettsråda vert gjennomførte våren 2019 og at eit nytt felles idrettsråd kan vera ein realitet kort tid etter. I tillegg til Oen orienterte Eli Årland Berland (Fjell) og Ronny Kausland (Sund) om status for arbeidet med å etablera felles idrettsråd.

På møtet i på måndag viste Anne-Kristine Aas i Hordaland idrettskrets til at når offentlege forvaltningsledd vert slått saman, skal idretten sine tilsvarande organisasjonsledd gjera det same. Ifølgje Aas er hovudmåla for idretten å ta med dei beste ordningane frå dei tidlegare kommunane og skapa rammevilkår for idretten i den nye kommune slik at dei samla vert betre.

Stort engasjement i idretten

Arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet for Nye Øygarden kommune «fasiliterte» samlinga på måndag. Leiar Tom Georg Indrevik synleggjorde eit omfattande lokalt idrettsengasjement ved å visa til at det no er registrert 41 idrettslag i dei tre kommunane.

– Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det over åtte tusen personar i alderen seks til 19 år i dei tre kommunane. Det er ei utfordring å få engasjert alle desse i lag og organisasjonar. Ambisjonen vår kan vera å verta den sprekaste kommunen i Noreg, frå dei yngste til dei eldste, sa Indrevik.

Også Kenneth Oen er oppteken av at alle må vera med, både barn unge og vaksne.

– Lag turløyper i tilknyting til idrettsanlegga som foreldra kan nytta medan barna er på trening, er rådet frå Oen.

På møtet på måndag orienterte Bjørn Ove Myking om samanslåing av Nye Alver idrettsråd (Lindås, Meland og Radøy). Han meinte at det var viktig å få på plass ein samarbeidsavtale mellom “nytt” idrettsråd og den nye kommunen så raskt som mogleg.

Gruppearbeid

Kulturleiar i Øygarden, Christel Møvik-Olsen, presenterte Hjeltefjorden Arena som vert offisielt opna onsdag 22. august. Ho opplevde møtet på måndag som positivt og at det også var gode drøftingar i gruppearbeidet mot slutten av samlinga.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ivar Einarsen