Fekk kunnskap om kyrkja i den nye kommunen

Ordførar for Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, og varaordførar for den nye kommunen, Torill Selsvold Nyborg, fekk på onsdag denne veka innføring i det kyrkjelege arbeidet i den nye kommunen.

Omvisning i Kausland kyrkje. Frå venstre; Annlaug Børve, Torill Selsvold Nyborg, Norvald Snekkevik, Tom Georg Indrevik og Olav Martin Vik.

Etter møte på kyrkjekontoret på Straume tok kyrkjeverje Olav Martin Vik, personalleiar Annlaug Børge og seksjonsleiar for kyrkjer og gravplassar Norvald Snekkevik dei to ordførarane med seg på ei rundreise i kyrkjeriket.

Det var besøk til Kausland og Sund kyrkjer i Sund og dei Fjell og Landro kyrkjer i Fjell. Dei fekk også besøkja Blomvåg kyrkje i Øygarden.

I starten av dagen gav kyrkjeverjen informasjon om organiseringa av den Øygarden kyrkjelege fellesråd frå 1. desember 2019, oppgåver og økonomiske rammer, utfordringar i møte med oppgåvene og «samskaping» mellom kommune og fellesråd.

Kausland kyrkje

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke