Etiske retningslinjer er klare for sluttbehandling

Partssamansett utval (PSU) gav i dag innstilling på dei etiske retningslinjene for Nye Øygarden kommune. Etter at retningslinjene har vore ute på ei ny høyring etter behandlinga i PSU i april, tok PSU i dag stilling til ei rekkje forslag til endringar av retningslinjene. Saka går til endeleg behandling i fellesnemnda den 17. juni.

Organisasjonane til dei tilsette har seks representantar i PSU.

 

Målet med dei etiske retningslinjene for Nye Øygarden kommune er å sikra ein etisk standard som gjer at innbyggjarane har tillit til kommunen som tenesteytar, som forvaltningsmynde og som arbeidsgjevar. Utval for politisk styringsstruktur fekk eit utvida mandat der dei skal tilrå etiske retningslinjer for den nye kommunen innan 1. januar 2020.  Det er teke utgangspunkt i retningslinjene til Sund kommune, men også Fjell og Øygarden sine retningslinjer var ein viktig del av drøftingane. Retningslinjene gjeld for både folkevalde og tilsette.

PSU er samansett av seks representantar frå dei tillitsvalde og ni politikarar. På møtet i dag kom det endringsframlegg både frå representantane frå dei tillitsvalde og politikarane. Med to unnatak vart endringsframlegga vedtekne samrøystes. Innstillinga frå PSU og reinskrivne retningslinjer vert tilgjengeleg på nettsida om få dagar.

Gjennomfører anbodskonkurranse for val av pensjonsleverandør

PSU tok saka om anbodsprosess på forsikra løysing for pensjon i Nye Øygarden kommune til orientering. Vedtaket vart gjort mot eí røyst (Svein Bergh). Eit skriv frå dei fire hovudsamanslutningane (Unio, LO, YS og Akademikarane) vert lagt ved protokollen. I skrivet vert det understreka at ved tildelingskriterium skal Hovudtariffavtalen leggjast til grunn. I skrivet er det også kommentar til tidsfrist i framdriftsplanen. Les skrivet her.

Den 8. april vedtok fellesnemnda at det skulle gjennomførast ei intensjonskunngjering. Denne kunngjeringa skulle klargjera om det kan gjerast ei direkte anskaffing i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) eller og val av pensjonsleverandør må ut på anbod.

Etter intensjonskunngjering kom det fram at det er fleire aktørar som kan vera aktuelle som leverandør. Storebrand gjorde kjent at selskapet kan levera pensjonstenester og at det difor bør gjennomførast anbodskonkurranse. På bakgrunn av dette vert det gjennomført ein anbodskonkurranse.

Saka skal behandlast i fellesnemnda den 17. juni. Når anbodet er gjennomført, vert det klart kven som skal overta etter Fjell kommunale pensjonskasse og eventuelt KLP. Avtale med ny leverandør vert etter planen gjeldande frå 1. januar 2020.

Frå møtet i dag.

Lokalisering av tenestene

Det låg også før ei drøftingssak om lokalisering av administrative og tenesteproduserande einingar i den nye kommunen. Prosjektrådmannen føreslår stegvis avklaring av lokaliseringa.
PSU tok drøftingssaka til orientering. Vedlegg frå dei fire hovudsamanslutningane med innspel følgjer saka til behandlinga i fellesnemnda den 17. juni. Les vedlegget her..

Det er lagt opp til at identifisering av einingar med tilsette som ikkje vert involverte av lokaliseringsendringar vert gjennomførte innan 13. september. I neste steg vert det arbeidd fram forslag til tenester som skal vera sikra i lokale servicesenter. Ein skal også identifisera andre tenester som bør få ei brukarnær lokalisering. Det skal vidare gjevast innspel til tenester som kan sentraliserast til kommunesenteret eller kommunedelsentera. Frist for gjennomføring i steg to er 20. september. Denne prosessen er føreslått delegert til kommunalsjefane.

I steg tre, som gjeld område der det er formålstenleg og viktig å få klargjort lokale før 1. januar 2020, kan avgjerd om lokalisering gjerast fortløpande og tidlegare enn siste frist 30. oktober. I dette steget er det prosjektrådmannen som tek avgjerd.

Prosjektrådmannen legg til grunn at kommunale eigedomar på Straume, Skogsskiftet, Rong, og eventuelt andre stader skal takast i bruk. Overflødige eller leigde bygningsmassar skal fasast ut.

Tekst og foto: Vigleik Brekke