Engasjerer innbyggjarane med oppgåveutval

Gentofte kommune like sør for København er ein av tre-fire kommunar i Danmark som har innført oppgåveutval. Desse mellombelse ad-hocprega utvala er samansett av 10 innbyggjarar og fem politikarar. Kommunaldirektør Frank E. Andersen seier at det er etablert 23 forskjellige oppgåveutval sidan 2015. Erfaringane med denne ordninga er gode.

Frank E. Andersen

På eit etter måten avgrensa areal på 26 kvadratkilometer i Gentofte bur det 75 800 innbyggjarar. Det vil seia om lag dobbelt så mange innbyggjarar som Nye Øygarden kommune, med sitt areal på 314 kvadratkilometer, vil ha frå 2020. Innbyggjarane i Gentofte har høg gjennomsnittleg inntekt, og kommuneleiinga meiner Gentofte får behalda for lite av inntektene som vert genererte i kommunen.

I to dagar denne veka har fellesnemnda for Nye Øygarden kommune, representantar for tillitsvalde og rådmennene i dei tre kommunane i vest besøkt Gentofte.

– Vi må sikra innbyggjarane våre betre velferd og robuste fellesskap med mindre ressursar, seier Frank E. Andersen. Spørsmålet kommunen måtte stilla seg var om ein skulle spara seg ut av dette. Kommunen valde ein annan veg.

Utfordrar oppgåveutvala

– Vi har vore verdsmeister i prosessar og å levera dokument. Vi må tenkja alternativt og fokusera meir på kva vi kan få ut av det vil gjer. Tidlegare laga vi høyringsnotat for så å få inn kommentarar. No presenterer vi ei problemstilling, og ved bruk av oppgåveutval kan vi spørja korleis vi skal løysa forskjellige problemstillingar, kunne kommunaldirektøren fortelja studieturdeltakarane. På denne måten kan kommunen på ein heilt annan måte enn før involvera innbyggjarane i politikkutviklinga.

Gentofte kommune er politisk organisert med kommunestyre (kommunalbestyrelse) eitt økonomiutval, seks
(hovud)utval og ei rekkje mellombelse oppgåveutval.

– Med denne ordninga har vi mindre hierarki, færre møte og ein meir ad-hocprega struktur som vi opplever gjev meir innovasjon. I oppgåveutvala er politikarane og innbyggjarane saman om å utføra politikkutvikling. Dette er ikkje politisk styring, men politisk leiarskap, forklarte Andersen. Sidan 2015 har to tusen fem hundre innbyggjarar delteke i oppgåveutval i Gentofte kommune.

To tredelar av oppgåvene er flytta frå tradisjonelle politikarutval til oppgåveutvala. Etter annonsering og oppslag, avgjer kommunestyret kva 10 borgararar som skal sitja i oppgåveutvala saman med dei fem politikarane. Det som oppgåveutvala utarbeider går til godkjenning i kommunestyret (kommunebestyrelsen) som er samansett av 19 representantar. Gentofte er ein «konservativ» kommune der Det Konservative Folkeparti (C) har reint fleirtal.

Borgarservice

I Gentofte kommune er det også innført innbyggjarservice (borgarservice) der folk kan få hjelp til å ordna med pass, førarkort, vigsel, folkeregiseter, sjukeforsikring og mykje meir. I Gentofte kommune er det eitt hovudbibliotek og fem bydelsbibliotek.

I intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune er det presisert at biblioteka skal vera en viktig møteplass for innbyggjarane; …….Biblioteka skal vera gode lokale møteplassar lagt til kommunedelsentra, heiter det i intensjonsavtalen.

Deltakarane på studieturen.

Det var Peter Emmerich Hansen og Anders Bilsøe Lassen i Implement Consulting Group i København som leia studieopplegget. Emmerich Hansen har vore ei rekkje gonger i Fjell kommune og regionen vår og leia delegasjonar frå Danmark som har ønskt å verta kjent med korleis regionen vår realiserer samhandlingsreforma (helse og omsorg).

– Over halvparten av dei 98 kommunane i Danmark har vore på besøk hjå dykk, seier Emmerich Hansen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå studieturen

Frå venstre; Silvia Haugland, Kari-Anne Landro og Nils Kåre Skoge
Frå venstre; Ingrid Marie Toft, Rune Lid, May-Elin Limevåg, Pernille Thormodsen og Marianne Sandahl Bjorøy.
Ernst Einarsen
Peter Emmerich Hansen
Anders Bildsøe Lassen