Engasjement på Bjorøyna

Dei 27 personane som møtte opp på folkemøtet på Bjorøyna torsdag kveld, viste stort engasjement. Mange stilte spørsmål om Nye Øygarden kommune.

Frå folkemøtet torsdag kveld.

Møteleiar Hogne Inge Tyssøy, som er nestleiar i Bjorøy og Tyssøy Velforening, gav dei frammøtte god tid til å stilla spørsmål knytt til arbeidet med å byggja den nye kommunen. Det handla om klima og miljø, trafikktryggleik, Sotrasambandet, bompengar, eigedomsskatt, økonomi, helikopterstøy og korleis ein kan engasjera ungdom i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

Prosjektrådmann, Rune Lid som vert rådmann i den nye kommunen frå 1. januar 2020, innleia og gav status for arbeidet så langt. Også ordførar i Sund, Kari-Anne Landro og Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, var til stades på folkemøtet.

– Hugs at den nye kommunen vert ei stor bedrift med 2 600 tilsette. Ingen skal mista jobben som ein konsekvens av samanslåinga. Vi vert den nest største kommunen i det nye fylket. Ein ny større kommune gjev større fagmiljø, og vi arbeider for at samanslåinga skal frigjera midlar til brukarane av tenestene, sa Rune Lid.

Intensjonsavtalen

Lid tok utgangspunkt i intensjonsavtalen som vart vedteken av dei tre kommunestyra (Sund, Fjell og Øygarden) i juni 2016. Der vert det understreka at nærtenesteprinsippet skal leggjast til grunn for tenesteytinga.

Rune Lid

I desse dagane går det føre seg eit omfattande arbeid med å få tilsett kommunalsjefar. Det skal tilsetjast kommunalsjef for områda Oppvekst, Helse og velferd, Kultur og samfunn, Økonomi og Organisasjon og digitalisering.

– Det vil ikkje gå så lang tid før desse stillingane er på plass. Svært mange er involverte i arbeidet no. I tillegg til fem hovudprosjektgrupper (tilsvarande kommunalsjefområda) vert det etablert ei rekkje delprosjekt. Noko må vera på plass til 1. januar 2020, og noko kan vi venta med. Eg må nok forventa å verta utsett for misnøye i denne prosessen, sa Lid.

Arbeider for auka valoppslutnad

Marianne Sandahl Bjorøy, som er leiar av valstyret og utval for politisk styringsstruktur, orienterte om prosessen fram til valet i september 2019.

– Dei tre kommunane har allereie gjennomført endringar av valkrinsane. Difor vert det ikkje endring på dette i det komande kommunevalet. Men her ute vert det likevel ei endring. Bjorøyna og Tyssøyna vert eín valkrins som følgje av den nye kommunen. Oppslutnaden ved stortingsvala er rundt 80 prosent her ute, men valdeltakinga i Sund og Fjell er svak ved kommunevala og ligg på 55 – 57 prosent. Det er noko betre oppslutnad i Øygarden. Vi arbeider hardt med å auka valdeltakinga, og vi bør klara ein oppslutnad på 70 prosent i 2019, sa Fjell-ordføraren.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro, som saman med kollegaene i Fjell og Øygarden utgjer ei arbeidsgruppe i fellesnemnda, orienterte om det politiske arbeidet med å byggja den nye kommunen. Dei tre ordførarane deler på vervet som leiar av fellesnemnda. Fellesnemnda (17 medlemer) har møte om lag eín gong i månaden

– Politisk tenkjer vi meir og meir som eín kommune, sa Landro.

Ho viste til arbeidet i arbeidsgruppa for eigarskapsstruktur. Det er avklart at det vert etablert eit nytt vatn- og avlaupsselskap (ØyVAR). Det skal utgreiast om også renovasjon skal leggjast inn under dette selskapet.

Sund-ordføraren fekk spørsmål om kva ho såg på som den største utfordringa for den nye kommunen.

– Den største utfordringa vert truleg økonomi, sa Kari-Anne Landro.

Det var Bjorøy og Tyssøy Velforening som inviterte til folkemøte denne torsdagskvelden. Nestleiar Hogne Inge Tyssøy seier etter møtet at han gjerne kunne tenkt seg noko større oppslutnad om folkemøtet, men at det vart eit vellukka arrangement. Han er glad for at både den politiske leiinga og rådmannen i den nye kommunen takka ja til invitasjonen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå folkemøtet:

Hogne Inge Tyssøy