Endring av adressenamn i «Nye Øygarden kommune»

I samband med endring av adressenamn i «Nye Øygarden kommune» vert dei nye aktuelle adressenamna, som Stadnamn – tenesta på Vestlandet har tilrådd, lagt ut på høyring.

Oversikt over kva namn som endrast og elektronisk høyringssvar finn du på heimesidene til kommunane Sund, Fjell og Øygarden.

Frist for å sende inn merknad er sett til 08.04.2019.