Eldreråda førebur seg på ny kommune

Eldreråda i Sund, Fjell og Øygarden var samla i Fjell rådhus i går for å drøfta framtida for eldreråda i den nye kommunen frå januar 2020.

På møtet drøfta eldreråda mellom anna storleiken på eit nytt felles eldreråd for nye Øygarden kommune. I dag er det sju medlemer i eldreråda i Sund og Fjell og fem medlemer i eldrerådet i Øygarden. Nokre av medlemene er valt inn frå organisasjonar (pensjonistlag), og nokre av medlemene er valde av kommunestyra.

– Det nye eldrerådet må sjå til at Intensjonsavtalen for den nye kommunen vert følgd opp, særleg med tanke på at tenestenivået skal oppretthaldast. Sjølv tenkjer eg at eldrerådet kanskje bør ha ein storleik på om lag 10 medlemer, sa leiar av Sund eldreråd, Sverre Bungum.

Leiar i Fjell eldreråd, Berit Anita Larsen, leia møtet i kultursalen i går.

– Eg syns sju medlemer er nok, men eg meiner vi kan venta med å ta stilling til storleiken på det nye eldrerådet. Vi kan gje uttale om dette seinare, sa Larsen og fekk støtte for at dette kan ein koma tilbake til.

Oppgåver

Forsamlinga drøfta kva oppgåver og utfordringar som skal takast med vidare inn i ein ny storkommune. Eldrerådet er lovpålagt, og rettleiaren til Statens seniorråd  «Eldrerådets oppgåver og funksjon (2011)» gjev god informasjon om korleis arbeidet kan organiserast.

I samtalen vart det understreka at det er viktig å følgja opp det frivillige arbeidet og sikra eldrerådet vert teken med på råd i det som skjer i den nye kommunen.  Dette må skje før sakene er vedtekne.

– Vi vil ikkje ha sakene etterpå, sa Berit Anita Larsen.

Det vart også peika på at det bør oppmuntrast til at fleire «yngre eldre» (65+) vert engasjert i dette arbeidet. Ole Konrad Ekerhovd (Fjell) oppmoda eldrerådsmedlemene til å vera aktive i nominasjonsprosessen fram til kommunevalet i 2019 og sikra representasjon frå seniorar i partia. Andre tema i samtalen var prosjektet «Sjef i eige liv», einsemd, tilrettelagde bustader, velferdsteknologi, informasjon og tilbod for demente.

Det vert lagt opp til eit nytt fellesmøte for eldreråda i dei tre kommunane tidleg i 2018.

Foto

Sund eldreråd
Fjell eldreråd
Øygarden eldreråd

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke