Drøfta budsjett i to utval

Utval for tenester og levekår (UTL) og utval for samfunnsutvikling (US) hadde budsjettet for 2020 og økonomiplanen for dei komande fire åra på sakskartet i dag. Dette var dagen for drøfting av budsjettet.

Ernst Einarsen (H) var mellom anna oppeken av å utvikla eit godt demensomsorgstilbod.

Under drøfting av budsjett 2020, gebyr og brukarbetaling, vert det fremja eitt endringsframlegg frå SV og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar om at gebyr for offentleg bading vert sameina til ein pris; kr. 30 for barn og kr. 50 for vaksne. Forslaget følgjer saka fram til behandling i formannskapet og kommunestyret.

På møtet i UTL var skule, helse og omsorg sentrale tema i drøftinga. Nokre av medlemene var uroa for situasjonen i skulen. Bakgrunnen for dette er mellom anna budsjettforslaget frå kommunedirektøren der det er føreslått innsparing i dei komande fire åra. Det vart peika på at unge slit med den psykiske helsa og at det nødvendig med tilpassa tiltak.

I drøftinga vart det teke til orde for å byggja ut demensomsorgstilbodet. Det vart peika på at det er nødvendig å harmonisera tenestetilbodet i dei tre kommunane og sikra god samordning mellom tenestene. Bruk av verktøy som KOSTRA-tal kan vera nyttig i denne samanhengen (KOSTRA: Kommune-Stat-Rapportering).

Nokre medlemer i utvalet viste til formuleringa i budsjettframlegget frå kommunedirektøren der det står at det kan verta behov for oppseiingar. Desse medlemene meinte at dette kan skapa unødvendig uro blant dei tilsette.

Egil Haaland tok opp formuleringa i budsjettframlegget om at det kan verta behov for oppseiingar.

Også utval for samfunnsutvikling drøfta budsjett, økonomiplan og budsjett for gebyr og brukarbetaling på møtet på onsdag. Budsjettframlegga vart drøfta utan at det vart fremja endringsframlegg.

På møtet i formannskapet på måndag vart det presentert eit budsjettframlegg frå fleirtalsparia (Høgre, Sotralista, Frp, KrF, Venstre). Dette forslaget følgjer saka til behandlinga i formannskapet den 18. desember og endeleg behandling i kommunestyret den 19. desember.

Andre saker i utval for tenester og levekår

  • Interkommunalt tilsyn med barnehagar
    Det vart vedteke å inngå avtale mellom Øygarden og Askøy kommunar om interkommunalt tilsyn.
  • Lokal retningslinjer for finansiering av private barnehagar i Nye Øygarden kommune
    Dei framlagde retningslinjene vart vedtekne slik dei låg føre.
  • Prioritering av spelemiddelordning for Øygarden kommune
    Utvalet vedtok prioriteringa av spelemiddelordninga i samsvar med innstilling.

Her kan du lesa saksdokumenta til utval for tenester og levekår.

He er saksdokument til utval for samfunnsutvikling.

Her er kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan.

Tekst og foto: Vigleik Brekke