Drøfta arbeidsgjevarpolitikk

Hovudtema på det fjerde møtet i førebuande fellesnemnd (FF) for kommunereforma  dag var arbeidsgjevarpolitikk, personalreglement og løns- og arbeidsvilkår. Møtet vart halde på Sund kommunehus måndag føremiddag.

Frå møtet i førebande fellesnemnd i Sund i dag.

Utgangspunktet for drøftinga er intensjonsavtalen som seier at «….alle tilsette har rett på jobb i den nye kommunen og skal ikkje få reduksjon i løna si, men ein del medarbeidarar vil få nye oppgåver og ny arbeidsstad, gode prosessar skal sikra at tilsette vert høyrde og kan bidra til omstilling gjennom drøftingar og utarbeiding av ein omstillingsavtale».

– Det er rikeleg med skilnader mellom kommunane når det gjeld arbeidsvilkåra, sa personalsjef i Øygarden, Per Helge Martinsen, som presenterte kartlegginga av personalreglementa i dei tre kommunane. Kartlegginga er gjennomført av dei tre personalleiarane i Sund, Fjell og Øygarden.

Arbeidsgruppa peikar særleg på skilnader som arbeidstid og tidsregistrering for kontortilsette, pensjonsordningane, retningslinjer for mellombels tilsetjing, HMR-system (løns- og personalsystem) og personforsikringar.

– Oppsummerande bør vegen vidare mot ein felles arbeidsgjevarpolitikk vera å identifisera alle planar, styringsdokument og  avtalar på overordna nivå og i alle sektorar, for først å avdekka likskapar og ulikskapar fullt ut. Deretter kan ein ta stilling til kva prinsipp og praksis som skal gjelda på  løn, personal og HMS i den nye kommunen, sa Martinsen.

Han viste også til arbeidsgruppa som har konkludert med at prinsipp som prosjektorganisasjonen tilrår i sitt utgreiingsarbeid, vert omsett til praktisk arbeidsgjevarpolitikk i kommunane når det ligg føre. Gruppa kan ikkje sjå at dette skal venta til kommunesamanslåinga er gjennomført. Før kommunesamanslåinga er det også aktuelt å samordna arbeidsgjevarpolitikken ytterlegare når det til dømes gjeld lønsforhandlingar og tilsetjingar.

Gruppearbeid

Temaet vart drøfta i grupper før resultatet av gruppearbeidet vart presentert i plenum. I gruppearbeidet vart det stilt spørsmål om kva politiske føresetnader som skal leggjast til grunn for omstillingsavtalen. Omstillingsavtalen omhandlar faste retningslinjer som til dømes medverknad, informasjon og kompetanseutvikling. I gruppearbeidet vart det stilt spørsmål om lengda på omstillingsavtalen og om det skal stillast garanti til stilling på eit visst nivå. Det vart vidare drøfta om garantien også skal omfatta seinare nedbemanningar innanfor lengda på garantien og andre politiske føringar.

Det var brei semje om at omstillingsavtalen skulle gjelda fram til og med 31. desember 2019, det vil seia fram til ny kommune er ein realitét. Prinsippa frå intensjonsavtalen om at løna ikkje skal reduserast og at alle tilsette har rett på jobb vart understreka. Det vart presisert kor viktig det er å ha ein god prosess på dette og sikra tryggleik for arbeidstakarane. Det var ønske om vidare kartlegging av arbeidsvilkåra i dei tre kommunane. Dette gjeld mellom anna kompetansekartlegging.

Ny prosjektleiar kan vera på plass i august/september

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, orienterte om status i arbeidet med å få tilsett prosjektleiar for kommunereforma. Fire rekrutteringsselskap har gjeve tilbod innan fristen, og ut frå dei kriteria som vart fastsette, har leiargruppa (ordførarane) vald Mercuri Urval som rekrutteringsselskap. Mercuri Urval har teke imot tilbodet om oppdraget. Dei tillitsvalde skal delta i tilsetjingsutvalet ved tilsetjing av prosjektleiar. Ifølgje Haugetun kan prosjektleiar vera på plass i august/september.

Kommunane deltek i prosjekt om lokaldemokrati

Alle kommunestyra har vedteke at dei vert med i det to-årige prosjektet om lokaldemokrati; «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som leiar prosjektet. Dei tre ordførarane vert med som deltakarar i tillegg til eín representant frå administrasjonen i kvar kommune. I tillegg vert det arrangert prosjektleiarsamlingar for ansvarlege i administrasjonen i kommunane.

Frå venstre; Lillian Torsvik (leiar av sekretariatet), Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Kari-Anne Landro (ordførar i Sund).

 

Andre saker i førebuande fellesnemnd

Seminarrekkje

Sund-ordførar Kari-Anne Landro orienterte om seminarrekkje i regi av KS. På det tredje seminaret i mars (Oslo) var det ikkje deltaking frå dei tre kommunane i region vest. Fleire deltakarar frå dei tre kommunane skal delta på det fjerde seminaret i Bergen den 26. – 27. april.

Framtidsseminar

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om framtidsseminar på Panorama i Hotell & Resort i Sund den 15. mai. Målgruppe for seminaret vert kommunestyra i dei tre kommunane, Ungdommens kommunestyre/ungdomsråda, eldreråda, råda for menneske med nedsett funksjonsevne, administrativ leiing i kommunane, hovudtillitsvalde og den nye leiaren i Vest Næringsråd. Programmet for seminaret vert presentert på det femte møte i FF den 24. april.

Felles kommunestyremøte

Det er no avklart at Fylkesmannen vil kalla inn dei tre kommunestyra til eit felles kommunestyre den 21. juni. På møtet vert det mellom anna val av ordinær fellesnemnd og namn på den nye kommunen.

Her er fleire bilete frå det fjerde møtet i førebuande fellesnemnd:

Frå venstre; Egil Haaland, Ernst Einarsen og Odd Bjarne Skogestad.
Frå venstre; Kjell Arve Vorland, Jorgeir Sognnæs og Ingrid Toft.
Bodil Aleksandersen (hovudtillitsvald Fagforbundet, Fjell), og Kristine Berdal (hovudtillitsvald Utdanningsforbundet, Fjell).
Frå venstre; Hildegunn Høyland, Egil Haaland, Nils Kåre Skoge, Marianne Sandahl Bjorøy og Silvia Haugland.
Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Elna Nybakk, Espen Harkestad, Nina Zandstra og Kari-Anne Landro.
Frå venstre; Odd Bjarne Skogestad, Ingrid toft, Trude Erstad Villanger, Kjell Arve Vorland og Hilde Elisabeth Lohmann Sandahl.
Anita Garlid Johannessen, Ernst Einarsen, May Elin Limevåg, Jorgeir Sognnæs og Børge Haugetun.