Diskuterte eldrepolitikk

Dei tre pensjonistlaga vestom Sotrabrua møtte ordførar for den nye kommunen, Tom Georg Indrevik, til drøfting av kommunal eldrepolitikk på onsdag.
– Dialogen var positiv, seier Tom Georg Indrevik etter møtet.

Frå venstre Arne Øvretveit (styremedlem i Sund pensjonistlag), Egil Haaland (leiar i Fjell pensjonistlag), ordførar Tom Georg Indrevik, Turid Kahrs (leiar i Sund pensjonistlag), Arvid B Solbakk (styremedlem i Øygarden pensjonistlag), Svein Olav Drageland (nestleiar i Fjell pensjonistlag) og Arne Jagedal (leiar i Øygarden pensjonistlag).

Dei tre pensjonslaga; Sund, Fjell og Øygarden, skal inntil vidare halda fram som eigne pensjonistlag.

– Me må nok kalla vårt pensjonistlag for Nordre Øygarden Pensjonistlag, seier leiar i Øygarden pensjonistlag, Arne Jagedal.

Egil Haaland, som er leiar i Fjell pensjonistlag hadde i forkant av møtet laga ei lang liste med tema han og dei andre ville drøfta med ordføraren.

– Vi gav uttrykk for sterke ønske overfor den nye kommunen. Det er viktig å bidra med samspel med kommunen og at tenestene vert harmoniserte. Vi ønskjer også at Øygarden kommune skal vera ein demensvennleg kommune, seier Haaland.

Tema på møtet var mellom anna ulik ressursbruk innan dei tre eksisterande kommunane og korleis dette skal harmoniserast i den nye kommunen. Andre stikkord og tema på møtet var førebygging, helsestasjon for eldre, om eldre bør flytta inn mot sentera og korleis kommunen bør samarbeida med frivillige organisasjonar.

– Korleis ser de for dykk samarbeidet med eldrerådet for den nye kommunen?

– Det skal verta kjempegodt. Pensjonistlaga har vore representert i eldreråda fram til no og skal vera representert i eldrerådet for den nye kommunen også, seier Haaland.

Tekst og foto: Vigleik Brekke