Digital transformasjon

– Vi skal gjennom ein digital transformasjon. Digitalisering omfattar heile den offentlege sektoren. Dette sa kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune, Sissel Iren Nesse, då ho på tysdag ønskte 35 medarbeidarar i Sund, Fjell og Øygarden velkomen til arbeidsverkstad i Sund.

Dagen starta med konkurranse der samarbeid  var grunnleggjande for å lukkast.

 

Deltakarane har vore med i fleire delprosjekt knytt til Nesses kommunalsjefområde. Denne dagen handla det om å gå gjennom og definera oppgåvene knytt til dei fire avdelingane i Organisasjon og digitalisering; drift, utvikling, service og tryggleik.

– Vi har ein jobb å gjera her alle saman. Det forpliktar å ha fått digitalisering i namnet på kommunalsjefområdet. Vi har eit stykkje igjen, men det er det vi skal ta fatt på no, sa Nesse.

Det handlar om ei dør inn, enklare kvardag og auka produktivitet, brukarretta og effektiv offentleg forvalting, verdiskaping og deltaking for alle.

– Vér open og positiv, invester i tid og energi gjennom endringar og hald motet oppe, var oppmodinga frå kommunalsjefen.

Sissel Iren Nesse

Deltakarane var inndelte i grupper som skulle arbeida med forslag til korleis aktivitetane kan fordelast under dei fire avdelingane i kommunalsjefområdet. Seinare skulle gruppene sortera oppgåver/tenester og koma med forslag til avdelingar (grå boksar i organisasjonskartet).  Gruppene skulle også drøfta korleis det kan leggjast til rette for samhandling på tvers og «saumlause» tenester.

Under oppsummeringa gav mange uttrykk for at dette var ein nyttig dag og at stemninga hadde vore god i gruppene.

– Innan 31. mai skal me ha avklart dei grå boksane. På grunnlag av det arbeidet de har gjort i dag, skal vi sortera dette. Vi koplar på dei nye leiarane av dei fire avdelingane i kommunalsjefområdet for å konkludera. Eg ber om forståring for at vi kan gjera feil. Men då gjer vi det på nytt, sa Sissel Iren Nesse.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga: