Kommunestyret i Øygarden vedtok med 22 mot eí røyst (SV) i kveld at det skal gjennomførast ei innbyggjarundersøking i Øygarden om kommunereforma.

Kommunestyret avviste dermed eit forslag frå SV om å gjennomføra ei folkeavrøysting. Dette innebér vidare at det vert innbyggjarundersøking i alle dei tre kommunane, Fjell, Sund og Øygarden.
I vedtaket heiter det at kommunestyret legg vekt på å køyra ein parallell prosess saman med kommunane Fjell og Sund i samsvar med kommunikasjonsplanen. Innbyggjarundersøkinga skal også gjennomførast i samsvar med kommunikasjonsplanen. I vedtaket vert det også vist til at det skal haldast to folkemøte i Øygarden og at rapporten frå innbyggjarundersøkinga og høringsinnspela frå folkemøta skal vera ein del av saksgrunnlaget til kommunereformsaka i juni.

Forslaget som vart vedteke, var eit fellesframlegg frå Tverrpolitisk valliste for Øygarden (TVØ), KrF, FrP, Ap og Høgre.
Ifølgje kommunikasjonsplanen skal innbyggjarundersøkinga gjennomførast i april like i etterkant av folkemøta i dei tre kommunane.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen