Det kan verta etablert kulturråd i Nye Øygarden kommune

Onsdag kveld var 40 personar samla på kulturforum på Panorama Hotell & Resort i Sund. Kulturleiarane i dei tre kommunane oppmodar kulturfolket til å etablera eit kulturråd slik til dømes idrettsfolket har organisert seg  med idrettsråd.

Frå samlinga onsdag kveld.

Tidlegare stortingsrepresentant og no leiar i styret for Amatørkulturådet i Bergen, Inger Lise Skarstein, orienterte om dette kulturrådet som har eksistert i 10 år og har over 300 lag og organisasjonar som medlemer.

– Med dette rådet kan engasjerte i amatørkulturen snakka saman om felles saker og rammevilkår, sa Skarstein.

Geir Eikenes er dagleg leiar for Amatørkulturrådet i Bergen. Han opplyste at medlemene representerer alt frå ein stor organisasjon som Åsane historielag med 900 medlemer til ein tinnsoldatstøypeklubb med eìn medlem.

– Vi gjennomfører undersøkingar blant medlemene for å verta kjent med kva behov og utfordringar dei har. På grunnlag av undersøkingane får vi kunnskap og grunnlag for å vera talerør for medlemene overfor kommunen. Politikarar fortel oss at idrettsråda er raskt på plass for å ivareta vilkåra for idretten, medan kulturlivet er ikkje på plass på same måten, sa Eikenes.

Kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, meinte at kulturlivet treng eit kulturråd.

– Vi treng nokon som startar opp med dette, sa Fjell. Kulturleiar i Sund, Laila Klemetsaune, sa avslutningsvis at ho håpar at denne samlinga kan inspirera til å få etablert eit kulturråd som fungerer på same måten som idrettsrådet.

Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, var også til stades på samlinga på Panorama.

– Idretten har ei klar røyst i idrettsrådet. Kanskje kulturlivet kan få ei slik røyst. Som politikar ønskjer eg eit kulturråd velkomen. Eit slikt råd kan til dømes gje oss innspel på kva som trengs av utstyr og liknande i samband med nybygg som vert brukt til kulturaktivitetar, seier Landro.

Inger Lise Skarstein

Idretten og kulturen blomstrar på Glesnes

Samlinga starta med at Lena Jensen Glesnes og Karin Sangolt informerte om det omfattande arbeidet til Glesnes ungdoms- og idrettslag. Glesnes teaterlag har markert seg i mange år med revyar. Men teater er berre eín av mange aktivitetar i ungdoms- og idrettslaget. Det er mellom anna etablert eit sjøsportsenter som engasjerer mange barn og unge.  Idrettslaget har også markert seg med det årlege triatlon-arrangementet Strilaman. Jensen Glesnes stilte spørsmålet kvifor ungdoms- og idrettslaget har lukkast.

– Det handlar om å dela ansvaret på mange, men likevel sikra at det er eit felles ansvar. Vi har lagt vekt på kontinuerleg vedlikehald, vidareutvikling og inkluderande miljø med takhøgde, sa Lena Jensen Glesnes.

Leiar i saksgruppe for levekår og nærmiljø i Sund, Robert Sæle, orienterte om frivilligerklæringa «Fruktbart samspel» mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.

– Kommunen kan gjera meir ennå vera tilskotsytar. Kommunen og det frivillige skal ha ein tett dialog og etablera møteplassar der vi kan snakka saman, sa Sæle.

Det var dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden som inviterte til kulturforum i Sund. Nye Øygarden kommune har sett ned ei arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet samansett av politikarar og kulturleiarane i dei tre kommunane. Arbeidsgruppa skal leggja til rette for medverknad og identitetsbygging blant innbyggjarane i Nye Øygarden kommune. Tidlegare i år har dei tre kommunane arrangert felles frivilligforum i Øygarden og friluftsforum i Fjell. Samlinga i kveld er kombinert med kulturseminar for dei tre kommunane på Panorama onsdag og torsdag.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Vigleik Brekke og Kari-Anne Landro

Her er fleire bilete frå kulturforum og seminaret

Kulturforumet vart opna med musikkinnslag ved Amalie Lovise Bakke Hagen.
Lena Jensen Glesnes og Karin Sangolt
Robert Sæle
Geir Eikenes