Demokrati

I intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune heiter det at den nye kommunen skal arbeida for eit sterkt lokalt sjølvstyre, stort engasjement frå politikarar, tilsette og innbyggjarar for å kunna utvikla kommunen i takt med auka oppgåver.

Bakgrunn

1. halvår 2016 var det felles forhandlingsutval som leia kommunereformarbeidet for dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Intensjonsavtalen vart godkjent i juni 2016. I perioden november 2016- juni 2018 vart reformarbeidet vidareført av førebuande fellesnemnd. Etter at kommunestyra i juni 2017 mellom anna vedtok namnet på den nye kommunen (Øygarden kommune), er det fellesnemnda (17 politisk valde medlemer) som etter inndelingslova skal leggja til rette for at den nye kommunen vert ein realitet frå januar 2020.

Kommunen skal styrast etter formannskapsmodellen med politiske utval og gjennomgåande representasjon. Kommunestyret skal vera samansett av 45 medlemmar. Formannskapet skal ha 11 medlemmar. Det vert lagt opp til gjennomgåande representasjon med fire hovudutval innan oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker med ni medlemmar i kvart hovudutval. I tillegg kjem lovbestemte utval, til dømes administrasjonsutval og diverse andre råd og komitear. Fellesnemnda har hausten 2017 sett ned eit politisk utval som skal gå gjennom den politiske styringsstrukturen fram mot etablering av Nye Øygarden kommune.

Kommunikasjon

I kommunikasjonsplanen (PDF) går det fram at alle skal sikrast god og relevant informasjon om arbeidet med eventuelt å byggja ein ny kommune samansett av dei noverande kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Det skal leggjast til rette for god dialog med målgruppene og stor takhøgd i ordskiftet.

Det er lagt til rette for å nytta sosiale medium for å sikra dialog, involvering og medverknad for innbyggjarane i arbeidet med kommunereforma. Informasjon om dette finn du på nettsida og Facebooksida vår: www.nyeoygardenkommune.no og Nye Øygarden kommune på Facebook.

Politisk kontakt

Politikarane er framleis interesserte i meininga di.