Category Archives: Sund

Startar Ni til ti-timen i oktober

Frå første veka i oktober skal tre av kommunalsjefane i Nye Øygarden kommune vera på plass til faste tider på rådhusa i dei tre kommunane for å koma i tett og god dialog med leiarar og andre tilsette i Sund, Fjell og Øygarden. Tilsette i dei tre kommunane vert dermed oppmoda om å ta kontakt med leiinga i den nye kommunen.

Kommunalsjef for Oppvekst Anne-Merete Vabø Haugane

Leiarteamet inviterer seg også til å gje informasjon på leiarsamlingane i kommunane. Bakgrunnen for desse tiltaka er ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som viser at det er behov for meir og tettare kontakt mellom leiinga i Nye Øygarden kommune og leiarar og andre tilsette i Sund, Fjell og Øygarden.

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, trur det er mange tilsette som ønskjer meir informasjon og tett dialog mellom dei tilsette og leiinga i Nye Øygarden kommune.

– Vi håpar at desse tiltaka kan sikra meir kontakt og lettare og tettare informasjon om arbeidet med å byggja den nye kommunen. På faste tidspunkt vil du lett finna oss i servicetorga på rådhusa. Det er ikkje sikkert vi kan svara på alle spørsmål på sparket, men vi skal uansett koma tilbake med informasjon, seier Vabø Haugane som håpar at dei tilsette tek kontakt anten uansett kva dei har på hjartet.

Møtepunkt kvar veke

På Ni til ti-timen på rådhusa kvar veke frå første veka i oktober, er det mogleg for tilsette å møta ein av kommunalsjefane. Planen for Ni til ti-timen er slik:

  • Fjell rådhus: Onsdagar kl. 09.00-10.00 (første gong 2. oktober)
  • Sund kommunehus: Torsdagar kl. 09.00-10.00 (første gong 3. oktober)
  • Øygarden rådhus: Fredagar kl. 09.00-10.00 (første gong 4. oktober)

Også einingsleiarar som ikkje har kontorplass på rådhusa kan møta kommunalsjefane i Ni til ti-timen. Dersom det viser seg at det ikkje er behov for denne forma for møtepunkt, vil leiinga i Nye Øygarden kommune vurdera andre møtearenaer.

Anne-Merete Vabø Haugane seier at leiinga i den nye kommunen gjerne kjem på besøk i kommunane.

– I tillegg til å delta på leiarsamlingane, kjem vi gjerne på stabssamlingane til einingsleiarane, seier kommunalsjefen.

Dei kommunalsjefane som stiller på Ni til ti-timen er Anne Erdal (Økonomi), Sissel Iren Nesse (Organisasjon og digitalisering) og Anne-Merete Vabø Haugane (Oppvekst).

Tekst: Vigleik Brekke | Foto: Jøran Ingvaldsen

Bli med på debatt om Nye Øygarden kommune!

Biblioteka i Sund, Fjell og Øygarden inviterer til debattar om korleis vi vil ha det i den nye kommunen. Det handlar om sentrum/periferi, samferdsle og strilekultur. Debattleiar vert tidlegare journalist i Bergens Tidende, Per Jon Odén. I oktober vert det invitert til tre debattar i biblioteka.

Første debatt vert allereie torsdag 3. oktober i Øygarden bibliotek på Rong senter klokka 19.00. Då vert det stilt spørsmål om alt skal til Straume eller om det finst gode liv i utkanten. Ei innbyggjarundersøking viser at folk i Sund og Øygarden er meir uroa for kommunesamanslåinga enn fjellsokningane. I den debatten den 3. oktober vert det stilt spørsmål om det er grunn til ein slik uro.

I panelet sit dagleg leiar Runar Trellevik i Tekslo seafood, avtroppande ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og leiar i idrettslaget Skjergard, Geir Knarvik Fjeldstad. Denne kvelden vert det også song ved Klungerosa.

Torsdag 17. oktober vert kommunikasjon og samferdsle tema på debatten i Fjell folkeboksamling klokka 19.00. Den siste debatten vert i Sund folkebibliotek torsdag 24. oktober klokka 19.00. Då er temaet strilekultur.

Det vert servering og lokale kulturinnslag på alle debattkveldane.

Her kan du sjå annonsa for debattane.

Aktiv+ videopremiere – sjå kva du kan vera med på!

Tysdag 24.09 var det filmpremiere på Aktiv+ med to flunkande nye videoar. Det var ikkje noko å sei på stemninga, og det vart faktisk tilløp til trampeklapp. Videoane vart samrøystes godkjend på staden i ope medlemsmøte.

Best av alt; seniorane har Sotra Arena heilt for seg sjølv kvar tysdag føremiddag – og det er plass til fleire!  Det kjem til å bli vanskeleg å ikkje la seg freista etter å ha sett dei ferske videoane. Det er ein kortversjon på to minuttar, og ein lengre versjon på fem minuttar for deg som vil vita meir. Vi håper at dette får deg til å møta på tysdag 1. oktober 10.30 i Sotra Arena på sjølvaste eldredagen. Ein fin dag å starte med trening uansett kva form du er i. Aktiv+ har eit tilbod til alle, og det kostar ingenting å vera med.

Aktiv+ video langversjon

 

Aktiv+ video kortversjon

 

Du kan bestilla buss og bli henta heime på avtalt tid og stad ved å ringa Servicetorget på 55 09 60 00. Bussen hentar deg  13.15 utanfor Sotra Arena. Pris: 37,- kvar veg eller 10 klipp for 350,-.

Treninga varer frå klokka 10.30 til 11.30. Så er det ein halvtime med lunsj i kaféen, før det er føredrag i andre etasje frå klokka 12.00-13.00. På tysdag 1. oktober er det er Brannvern/brannforebygging for heimebuande eldre v/Øygarden Brann- og redning i samarbeid med eldrerådet.

Det er trening kvar tysdag til og med 17. desember der det er juleavslutning etter treninga med utlodning. (8. oktober er den einaste tysdagen det ikkje er trening  grunna haustferie).

Aktiv+ har vore eit tilbod til seniorane i Fjell, Sund og Øygarden sidan mars 2015. Det var sju ulike organisasjonar som saman med Fjell kommune stifta Aktiv+ med eige styre og med eigne vedtekter. I starten var det 60 registrerte medlemmer, som i ein rivande fart vaks til 70-100 i løpet av 2016. I 2017 var talet mellom 100-120. I går, den 24. september 2019 var det 150 personer til stades.

På denne sida kan du sjekka kva programmet er kvar veke. Her finn du også meir informasjon om ulike seniortilbod. Du kan også følgja med på Aktiv+ si eige facebook side.

Foto og video: Jøran Ingvaldsen, JI Productions

Tekst: Unni Sørensen, styremedlem Aktiv+ Fjell kommune

Lokalisering: Sjå kva som er neste steg!

Arbeidet med å lokalisera administrasjon og tenester i den nye kommunen held fram. I steg to handlar det mellom anna om å arbeida fram forslag til tenester som skal leggjast til lokale servicesenter.

Sund kommunehus i Skogsskiftet, Fjell rådhus på Straume og Øygarden rådhus på Rong

Innan 25. september skal hovudprosjekta innan dei fem kommunalsjefområda (Helse og velferd, Oppvekst, Kultur og samfunn, Økonomi og Organisasjon og digitalisering) levera sine forslag til lokalisering. Dei tillitsvalde er representerte i hovudprosjektgruppene og dermed involverte i dette arbeidet.

Eli Janette Fosso er saksbehandlar for arbeidet med lokalisering av administrasjon og tenester.

– På grunnlag av forslaga frå dei fem hovudprosjekta, skal prosjektrådmannen utarbeida ei sak til behandling i partssamansett utval den 7. oktober og fellesnemnda den 9. oktober. Basert på vedtaket i fellesnemnda, skal prosjektrådmannen innan 30. oktober ta endeleg stilling til lokalisering av administrasjon og tenester, seier Fosso

Men i første omgang skal altså hovudprosjekta innan 25. september fremja forslag til lokalisering. Konkret gjeld dette:

  • tenester i lokale innbyggjartorg (Skogsskiftet, Straume og Rong)
  • andre brukarretta tenester som bør få ei desentralisert/brukarnær lokalisering (jf. at brukarar må forståast som innbyggarar og tilsette)
  • tenester som innbyggjarane ikkje nyttar dagleg, og kan sentraliserast til Straume, Skogsskiftet eller Rong
  • sjefsområde, einingar, fag, stab etc. som av samhandling- og effektivitetsomsyn bør vera lokaliserte fysisk nær kvarandre
  • kompetansar som kan vera vanskeleg å behalda/rekruttera dersom det skjer vesentlege lokaliseringsendringar

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Invgvaldsen

Konkurranseinstinktet vakna på Pyttane

Det var mange skjulte talent som kom for ein dag då eit 50-tals medarbeidarar var samla på Pyttane i ekte vestlandsver torsdag kveld. Det var kommunalsjef for organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune, Sissel Iren Nesse, som hadde samla folka sine til fagleg påfyll, konkurranse, hygge og godt matfellesskap.

Det måtte godt samarbeid til for å løysa oppgåvene.

 

I det sure veret på Pyttane 330 meter over havet hadde Sotra Villmarskssenter laga til konkurransar som kravde samarbeid på alle plan. Konkurranseinstinktet vakna hjå mange, og det stod tydelegevis mykje prestisje på spel. Av ein eller annan merkeleg grunn gjekk dei såkalla «Einarane» med Jørgen Kausland i spissen av med sigeren. Mykje tyder på at det heile handlar om dommartabbe. Men dei fem andre laga tok tapet med god sportsånd.

I den nye kommunen er det om lag 100 medarbeidarar som skal arbeida under kommunalsjefområdet Organisasjon og digitalisering. Samlinga, der medarbeidarane for første gong møtte kvarandre samla på denne måten, starta med foredrag ved kommunalsjef Sissel Iren Nesse i Straume Teknologisenter der 60-70 medarbeidarar var på plass.

Utfordrar etablerte sanningar

Ho innleia med at vi no er inne i den fjerde industrielle revolusjonen der digitale teknologiar smeltar saman med biologiske og økonomiske system. Mange arbeidsplassar vert erstatta med ny teknologi.

– Korleis skal menneska jobba saman for at stat og kommune kan utføra samfunnsoppdraget. Det handlar om innovasjon der vi tek ansvar saman. Vi må utfordra etablerte sanningar. Det er det eg lærer i morgon som er interessant, ikkje det eg lærte i går. Vi skal byggja den nye organisasjonen saman, men på ein annan måte, sa Nesse og understreka at vi må vera fleksible og robuste samstundes.

Frå venstre; Sissel Iren Nesse, Kaja Pedersen, June Johannesen, Grethe Bergsvik og Lennart Fjell.

Kommunalsjefen avslutta med å gje nokre råd til medarbeidarane.

– Vér open og positiv og bruk tid og energi i endring. Hald motet oppe og ver ein god støttespelar, sa Nesse.

Ho presenterte dei fire einingsleiarane for stabsavdelingane drift, utvikling, service og tryggleik. Kaja Pedersen, som i dag er personalsjef i Sund kommune, skal leia stasavdeling drift, medan kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, skal leia utvikling. Servicetorgsjef i Fjell, Grethe Bergsvik, er konstituert som leiar av service, medan June Johannesen skal leia stabsavdelinga for tryggleik.

Etter harde tak på Pyttane bar vegen til Panorama Hotell og Resort for ein god buffé og underhaldning ved Vivian Steinsland.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga:

Vivian Steinsland

 

Løyver 1,5 millionar kroner til Gründerparken Vest

Fellesnemnda vedtok i dag å løyva 1,5 millionar kroner i tilskot til Gründerparken Vest for 2020. Formelt vart det vedteke å innarbeida beløpet i budsjettet for neste år.

Frå drøfting i ein av pausane.

Det vart vidare vedteke at den føreslåtte framtidige driftsmodellen for gründerparken vert arbeidd med når det gjeld storleiken på det kommunale tilskotet og at kostnadene vert balansert i samsvar med dei forventa inntektene. Det skal leggjast fram budsjett, rekneskap og årsmelding for Nye Øygarden kommune kvart år.

Etter framlegg frå Tome Georg Indrevik vart det vedteke eit nytt punkt om at fellesnemnda vil peika på behovet for årlege bidrag frå Vestland fylke. Det vert vist til at Fjell, Sund og Øygarden vart hardt ramma av oljenedturen. Det er difor viktig å satsa på utvikling av nye bedrifter for å motverka dei negative effektane av konjunktursvingingar.  Fellesnemnda ber difor om at Vestland Fylke prioriterer å bidra til denne utviklinga gjennom faste årlege løyvingar.

Dei tre kommunestyra løyvde i 2018 kvar 500 tusen kroner til vidareføring av Gründerparken Vest for 2019 (totalt 1,5 millionar kroner).  Med vedtaket i dag vert storleiken på det kommunale tilskotet på same nivå i 2020.

Løyver 1,5 millionar kroner til opningsarrangement.

Fellesnemnda vedtok å løyva 1,5 millionar kroner til opningsarrangement for innbyggjarane i Nye Øygarden kommune. Ein programkomité leia av leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, har planlagt fleire arrangement i opningsveka for den nye kommunen.

I saksutgreiinga går det fram at det er planar om nyttårskonsert med brassband og ev. musikkorps onsdag 1. januar, personalsamlingar 2. og 3. januar, ein stor opningsfest laurdag den 4. januar og felles gudsteneste sundag 5. januar. Det er lagt opp til å oppretta ei prosjektgruppe leia av kulturleiar for Nye Øygarden kommune, Christel Møvik-Olsen.

Økonomisk status

Økonomisk status pr. 31. juli vart teken til orientering. Resultat etter dei sju første månadene viser eit negativt driftsresultat på 26,2 millionar kroner. Det auka avviket skuldast meirutgifter knytt til løn og kjøp av varer og tenester. Fjell kommune har intensivert innsparingstiltaka sine sidan mai, og effekten av desse er venta utover hausten.

Prosjektrådmann Rune Lid sa på møtet at han er glad for dei tiltaka rådmannen i Fjell og dei andre kommunane gjennomfører når det gjeld økonomien.

Før behandlinga av sakene orienterte Robin Dale Oen og gode medhjelparar om The Dale Oen Experience

Anbodsprosess for forsikra pensjonsløysing

Fellesnemnda slutta seg til revidert tidsplan for anbodsprosess på forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune. Den 9. oktober vert det ekstramøte i fellesnemnda for å velja leverandør for forsikra pensjonsløysing. Fellesnemnda legg til grunn at avtalane i dag om leveranse av pensjonstenester som er omfatta av nytt anbod vert sagt opp innan 30. september 2019. Dette gjeld også for Øygarden brann og redning IKS. Innstillinga frå prosjektrådmannen vart vedteken med 15 mot eí røyste (Svein Bergh).

Opprettheld vedtak knytt til krav om innsyn

Rettferdig Offentleg Saksbehandling (ROS) har kravd innsyn i dokument knytt til arbeidsutvalet for ordførarane. ROS meiner at utvalet er eit offentleg folkevald organ. Kommuneadvokaten har behandla kravet og konkludert med at arbeidsutvalet ikkje er å rekna for eit offentleg folkevald organ, men at innsyn i eventuelle dokument kan gjevast innanfor ramma av offentleglova. Det ligg ikkje føre utarbeidde dokument er anna skriftleg materiale som ROS kan få innsyn i. Innsynskravet er formelt gjeve, men det er ikkje sendt ut dokument.

ROS har ikkje akseptert vedtaket frå kommuneadvokaten, og fellesnemnda tok difor stilling til innsynskravet. Fellesnemnda vedtok å oppretthalda vedtaket treft av kommuneadvokaten den 17. juli 2019.

Økonomisk status prosjektrekneskap pr. 03.09.19 og status forskotering reformstøtte

Fellesnemnda tok saka til orientering og ber prosjektrådmannen å følgja opp med ny statusrapportering om prosjektrekneskapen og eventuell forskottering av reformstøtte i seinare møte. For 2019 er det overført 21,3 millionar kroner til prosjektorganisasjonen. Pr. 3. september er det brukt om lag 17 millionar kroner. Så langt har ikkje prosjektrådmannen hatt behov for å forskottera midlar frå reformstøtta (som staten løyver i januar). I saksutgreiinga går det fram at  det likevel verta behov for ei slik forskottering i løpet av hausten.

Budsjettprosess 2020

Framdriftsplan for budsjettprosess for økonomiplan 2020-2023/budsjett 2020 vart vedteken slik han låg føre. I planen går det fram at kommunestyret for Nye Øygarden kommune vedtek budsjettet og økonomplan den 19. desember. I vedtaket er det tidfesta kva tid økonomireglement, finansreglement og harmonisering av tenestene skal leggjast fram. Avdrag skal budsjetterast etter minimumskravet i kommunelova 2020.

Val av tilbydar for sekretariatstenester til kontrollutvalet

Fellesnemnda vedtok å tildela oppdraget med sekretariatstenester for kontrollutvalet til kontrollutvalssekretariatet til Hordaland fylkeskommune (14 røyster). Svein Bergh og Anita Garlid Johannessen røysta for å gje oppdraget til Nordhordland utviklingsselskap IKS.

Det vart vedteke eit ekstrapunkt om at fellesnemnda ber om at det vert utarbeidd eiga sak om framtidig løysing for sekretariat for kontrollutvalet, som seinast vert lagt fram hausten 2020

Før behandlinga av sakene, var det informasjon om Gründerparken Vest, The Dale Oen Experience, organisering av oppvekst og statusmelding frå prosjektrådmann Rune Lid.

Her er fleirte bilete frå møte ti fellesnemnda:

Kommunalsjef Anne-Merete Vabø Haugane orienterte om status for Oppvekst.
Kjetil Nordås, The Dale Oen Experience
Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang orienterte om Gründerparken Vest

 

 

 

 

Følgjer opp ROS-analyse

Leiinga i Nye Øygarden kommune følgjer opp ein ROS-analyse som er gjennomført i samband med etableringa av den nye kommunen.

Frå møtet i overordna styringsgruppe på onsdag.

På møtet i overordna styringsgruppe på onsdag vart det presentert fleire tiltak som følgje av ROS-analysen (risiko- og sårbarheitsanalyse).  Overordna styringsgruppe er samansett av leiarteamet i Nye Øygarden kommune og dei hovudtillitsvalde,

På møtet var det også drøfting av korleis arbeidet med ressursgruppa skal følgjast opp. I neste veke er dei tilsette som er i ressursgruppa er inviterte til møte. På dette møtet deltek rådmann Rune Lid og assisterande rådmann, Åse Vik, og fire tillitsvalde.

– For meg er det viktig at dette vert eit godt møte for dei som er i ressursgruppa, seier prosjektrådmann Rune Lid.

Ni til ti-timen

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, orienterte om fleire tiltak retta mot dei tilsette. Prosjektmandata og eventuelle oppdateringar for prosjektgruppene skal leggjast ut på nettsida til Nye Øygarden kommune. Det skal sikrast meir tilgjengeleg informasjon undervegs via sosiale medium, og det skal gjevast leiarstøtte og direkte hjelp til leiarar. Leiarteamet skal invitera seg sjølv til å gje informasjon på leiarmøta i kommunane. I det heile skal ein prioritera positiv merksemd overfor både innbyggjarar og tilsette.

Og på faste tidspunkt kvar veke skal representantar frå leiinga i Nye Øygarden kommune ha uformelle møtepunkt på rådhusa/kommunehusa i Skogsskiftet, Straume og Rong frå klokka 09.00 til 10.00 der leiarar og andre tilsette i dei tre kommunane kan ta ein prat med kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune.

Informasjon om uberørte einingar

Hovudprosjekta for dei fem kommunalsjefområda har utarbeidd eit dokument der det er kartlagt kva einingar som ikkje vert involverte av endringar i lokaliseringa. Om kort tid sender kommunalsjefane ut informasjon om dette til leiarane i dei tre kommunane.

– Det er verdt å merkja seg at mesteparten av dei tilsette ikkje vert berørte av endringar i lokaliseringa, seier Rune Lid.

Framdrift for lokaliseringa er slik:

  • Steg 1: Kartleggja einingar som ikkje vert involverte av endringar i lokaliseringa.
  • Steg 2: Arbeida fram forslag til mellom anna tenester som skal leggjast til lokale servicesenter. Fristen for dette er 25. september. Det skal fremjast ei sak for partssamansett utval 7. oktober og fellesnemnda 9. oktober om steg 2.
  • Steg 3: Prosess fram mot endeleg vedtak 30. oktober byggjer på steg 2.

Overordna styringsgruppe vert stillingsgruppe

På møtet i overordna styringsgruppe var det drøfting av korleis stillingsgruppa skal vera samansett. Styringsgruppa samla seg om at overordna styringsgruppe skal vera stillingsgruppe.

Overordna styringsgruppe drøfta også prinsipp for leiarressurs og peika ut kven frå dei tillitsvalde som skal sitja i tilsetjingsutvalet for dagleg av Øygarden Bustadutvikling KF. Bodil Aleksandersen (fagforbundet) og May Britt Hansen (delta) vart valde til å sitja i tilsetjingsutvalet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Føreslår fast tilskot til Gründerparken Vest

Prosjektrådmannen føreslår at det vert gjeve eit fast årleg tilskot til Gründerparken Vest på 500 tusen kroner.

Arkivfoto. Biletet er frå opninga av grunderparken i mars 2017.

Saka skal til behandling i fellesnemnda den 16. september. I tilrådinga heiter det at beløpet vert innarbeidd i dei årlege budsjettet frå og med budsjettåret 2020. Det vert vidare føreslått at den framtidige driftsmodellen for gründerparken vert justert opp mot storleiken på det kommunale tilskotet og at kostnadene vert balansert i samsvar med dei forventa inntektene.

Dei tre kommunestyra løyvde i 2018 kvar 500 tusen kroner til vidareføring av Gründerparken Vest frå 2019 (totalt 1,5 millionar kroner). Prosjektrådmannen skriv i saksutgreiinga at han har forståing for at gründerparken har behov for føreseielege inntekter, men kan ikkje tilrå faste årlege tilskot frå 2020 av ein slik storleik.

Tilrår å løyva 1,5 millionar kroner til opningsarrangement

Ein programkomité leia av leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, har planlagt fleire arrangement i opningsveka for den nye kommunen. Prosjektrådmannen rår til å løyva 1,5 millionar kroner for å dekkja kostnadene med arrangementa.

I saksutgreiinga går det fram at det er planar om nyttårskonsert med brassband og ev. musikkorps onsdag 1. januar, personalsamlingar 2. og 3. januar, ein stor opningsfest laurdag den 4. januar og felles gudsteneste sundag 5. januar. Det er lagt opp til å oppretta ei prosjektgruppe leia av kulturleiar for Nye Øygarden kommune, Christel Møvik-Olsen.

Økonomisk status

Til møtet i fellesnemnda ligg det føre økonomisk status pr. 31. juli. Dette viser eit negativt driftsresultat på 26,2 millionar kroner. Det auka avviket skuldast meirutgifter knytt til løn og kjøp av varer og tenester. Fjell kommune har intensivert innsparingstiltaka sine sidan mai, og effekten av desse er venta utover hausten.

Andre saker i fellesnemnda den 16. september

  • Krav frå Rettferdig Offentlig Saksbehandling (ROS) om innsyn i leiargruppa til fellesnemnda
  • Revidert anbodsprosess for forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune
  • Økonomisk status prosjektrekneskap pr. 03.09.19 og status forskotering reformstøtte
  • Budsjettprosess 2020
  • Val av tilbydar for sekretariatstenester til kontrollutvalet i Nye Øygarden kommune

Før behandlinga av sakene, vert det informasjon om Gründerparken Vest, The Dale Oen Experience, organisering av oppvekst og statusmelding frå prosjektrådmann Rune Lid.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og vert overført på nett-TV.

Tekst og foto: Vigleik Brekke